1.1 Stortingsvedtak

Stortinget vedtok i samband med handsaming av Prop. 96 S (2016-2017), Innst. 386 S (2016-2017) den 08.06.17, Endringer i kommunestrukturen i vedtak 831 følgjande:

"Vågsøy kommune og Flora kommune slås sammen senest fra 1. januar 2020. Bremanger består som egen kommune."

1.2 Intensjonsavtalen

Dei to kommunestyra har gjort vedtak om å søkje om å bli slått i saman. Desse søknadane byggjer på intensjonsavtalen som er inngått mellom kommunane. 

Intensjonsavtalen finn du her.

Det arbeidet som skal gjerast for å få på plass Kinn kommune skal basere seg på mål og rammer sett i intensjonsavtalen. Intensjonsavtalen har følgjande mål for samanslåinga:

Vi vil: 

  • Bli ein attraktiv tilflyttingskommune 
  • Bli den sentrale utviklingsaktøren mellom Ålesund og Bergen 
  • Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggarane 
  • Styrke vår attraktivitet som lokalisering for næringsverksemd 
  • Sikre ei berekraftig utvikling med målretta satsing på klima og miljø 
  • Styrke lokal stadidentitet og fellesskapskjensle til innbyggjarane i den nye kommunen 
Det kan vi oppnå ved å: 
  • Realisere 45-minutts-regionen (Måløy-Svelgen-Florø) for å sikre gode kommunikasjonar i kommunen, og skape ein felles bu- og arbeidsregion. Kommunane er samde om at det viktigaste målet med 45-minuttsregionen er å raskast mogleg reise mellom Måløy og Florø. Det primære ønskje er bru over Bikjelsneset-Tongane, og veg over Terøya. Kommunane vil vurdere andre alternativ dersom det primære ønsket viser seg umogleg å realisere. 
  • Etablere eit båtsamband med fleire avgangar mellom Vågsøy, Bremanger og Flora og som korresponderer godt med anna samferdsle
  • Satse på Florø Lufthamn for å sikre eit framtidsretta og godt rutetilbod
  • Arbeide vidare med Stad skipstunnel for å sikre etablering av nye næringar
  • Arbeide for betre vegstandard på det fylkeskommunale vegnettet
  • Arbeide for å styrke tilbodet og miljøet rundt dei to vidaregåande skulane, fagskulen og høgskulen
  • Arbeide for framtidas omsorg med utstrakt bruk av velferdsteknologi
  • Skape verdiar av mogelegheitene som ligg i havrommet, farleiene og hamnene 
  • Arbeide for etablering av regionale og statlege arbeidsplassar i Måløy og Florø
  • Skape attraktive bu-, arbeids- og fritidsområde
  • Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering
  • Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø gjennom ein god, føreseieleg og framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk
  • Bygge ut Måløy og Florø som attraktive, urbane og kulturelle sentra ved å prioritere realisering av gjeldande plan for symjeanlegg, fleirbrukshall med spesialfunksjonar og kulturfasilitetar i Vågsøy og fullskala fotballhall i Florø
  • Prioritere plankapasitet, areal og tilrettelegging for tomter til næring, landbruk og bustadbygging
Tenestene 
Vi er samde om å ha kostnadseffektive tenester ut frå tilgjengelege økonomiske ressursar.
 
Vi skal: 
  • Ha og utvikle førstelinetenester som skular, sjukeheimar, helse- og omsorg, barnehagar og kulturtilbod der dei er ved samanslåinga 
  • Vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling 
  • Vere ein kunnskapsutviklande og attraktiv arbeidsplass for dei tilsette 
  • Rekruttere dyktige medarbeidarar inn i ein samla kompetanseorganisasjon

1.3 Fasane i arbeidet

1.3 Fasane i arbeidet.jpg