Kva seier intensjonsavtalen for deg som er tilsett? Du vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som du har i dag. Alle dine noverande rettar vert akseptert i den nye kommunen i samsvar med lov og avtaleverk, og du vil framleis vere sikra pensjonsordning gjennom KLP og SPK.

Intensjonsavtalen om arbeidsgjevarpolitikk

"Vi er samde om å etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skaper gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Det føreset høg grad av medverknad både på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av den nye kommunen og etter at denne er etablert.

Det betyr at:

  • Alle tilsette sine noverande rettar vert akseptert i ein ny kommune i samsvar med lov og avtaleverk
  • Alle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som ein har i noverande kommune. Dersom det blir overtallige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna passande arbeid i rimeleg avstand
  • Dei tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning gjennom KLP og SPK"