6.1 Risikoar som er vurdert
- Uklar ansvarsfordeling innan i prosjektorganisasjonen - grensesnitt mellom delprosjekta
- Mangel på ressursar til å halde ved lag god drift i de to kommunane i samanslåingsprosessen
- Utydeleg styring og leiing i prosjektet
- Mangel på riktig og tilstrekkeleg kompetanse i prosjektet
- Tap av nøkkelpersonell i perioden fram til 2020
- Manglande involvering av tilsette
- Uavklarte roller mellom administrasjon og folkevalde i prosjektorganiseringa
- Manglande felles identitet og kultur for Kinn kommune
- Misnøye knytt til harmonisering av vilkår for tilsette og felles pensjonsordning
- Driftsforstyrringar knytt til datasystem
- Utryggleik om framdrifta i prosjektet
- Press frå media
- Manglande eller for seine avklaringar når det gjeld interkommunale selskap
- Usemje rundt lokalisering av arbeidsplassar
- Politiske omkampar
- Forventingsgap mellom politikk og administrasjon
- Manglande oversikt over prosjektet sine kostnadar
- Klarar ikkje etablere "neste praksis" - ein praksis som er betre enn summen av dei to kommunane sin eksisterande praksis
- Motstand mot endring i administrasjonen (mellomleiarar)
- Ulike arbeidsmetodar og kultur i dei to kommunane
- Svak politisk forankring
- Manglande kapasitet hos leverandørar av digitale tenester
- Klarar ikke synliggjere vinningar underveis
- Lite koordinert planprosess og strategiutvikling i prosjektperioden
- Fellesnemnda har status som interimnemd fram til kongeleg resolusjon
- Misnøye i samband med etablering av ny leiargruppe
- Motstand mot endring blant innbyggarane
- Uklare forventningar til dei to kommunane sitt bidrag inn i prosjektet
- Statisk og lite oppdatert styringsdokument
- Tap av kommunane sine samarbeidspartnarar
6.2 Tiltak for å redusere risiko
Generelt så er det, og det vil bli teke høgde for alle monumenta i som kjem fram av analysa i prosjektplanen og arbeidet forøvrig.
Spesielt om dei momenta som er vurdert til å ha stor sannsynlighet og stor konsekvens.
Ad 2 Mangel på resursar for å oppetetthalde god drift i dei to kommunane under prosessen med å etablere den nye kommunen
Dette kan vere eit kritisk tema. Mellom anna så peike evalueringsrapporten som KS har laga for slike prosessar på dette som ei utfordringa. Det er viktig å ta høgde for at dette ikkje blir ei utfordring, mellom anna ved å redusere ambisjonsbehovet for utviklingsoppgåver i dei to kommunane både 2018 og særleg i 2019. Det viktige vil vere å prioritere den daglege drifta innanfor kommunen sin tenesteproduksjon og forvaltning. Det vil også vere sentralt å vurdere nøye kven i dei kommunale organisasjonane som blir «teke ut av drift» for å vere med i samanslåingsprosessen.
Ad 8 Manglande felles identitet og kultur for Kinn kommune
Dette er tema som er fastslått er viktige i intensjonsavtalen. Prosjektplanen følgjer dette opp med å leggje til rette for ei gruppe som skal arbeide med dette spesielt. Vidare ligg det inne planar, strategiar og tiltak for å gjere noko med dette i i informasjonsplanen for prosjektet. Arbeidet med samfunnsdelen som fellesnemnda har bestemt skal starte opp vil også vere viktig med tanke på å «byggje Kinn».
Ad 10 Driftsforstyrrelser knytt til datasystem
Det er ein krevjande prosess med å slå saman ein rekkje ulike datasystem. Spesielt utfordrande blir det når ein også skal få dette til å fungere med eit utgangspunkt der Flora driv dette aleine i dag, mens Vågsøy er ein del av Nordfjordnett. Det som må gjerast er å tidleg er (er i ferd med å bli starta opp) å kartleggje utfordringane både i høve til kva for system, organisering, drift bruk mm dei ulike organisasjonane har i dag. For så å komme fram til dei framtidige løysningane basert på funksjonalitet og kravspekk som prosessen for etablering av den nye kommunen vil krevje. Dette må gjerast raskt slik at utfordringar blir tidleg avdekka og for å gje leverandørar naudsynt tid til å levere det som den nye kommunen vil spørje etter frå leverandørane. Det vil også vere sentralt å få på plass systema tidleg slik at dei kan bli testa ut i førekant og at naudsynt opplæring kan bli gjeve.
Ad 14 Usemje rundt lokalisering av arbeidsplasser
Fellesnemnda må tidleg leggje dei naudsynte føringane for dette, slik at evt. usikkerheit blir avklara så tidleg som mogleg. Prosjektrådmannen må også leggje føringar og ta avgjerd som reduserer usikkerheit mest mogleg. Dette etter at det er gjennomført gode prosessar kor tilsette og deira organisasjonar blir teke med på ein slik måte rammeverket for slike prosessar krevjar.
Ad 22 Manglende kapasitet hos leverandører av digitale tjenester
Sjå Ad 10.
Ad 27 Motstand mot endring blant innbyggerne
Sjå Ad 8.