- 3.1 Forholdet mellom prosjektorganisasjon og driftsorganisasjonane
- 3.2 Generelle overordna prinsipp for arbeidet
3.1 Forholdet mellom prosjektorganisasjon og driftsorganisasjonane
Prosjektorganisasjonen med prosjektrådmannen som leiar skal leggje til rette for det arbeidet som skal gjerast. Herunder all sakshandsaming ovanfor fellesnemnda.
Det skal kome klart fram av bestillingane/mandat til temagruppene kva som blir forventa av deltakarar frå administrasjonane. Det skal lagast «avtalar» med dei to rådmennene om tidsbruk og leveranse inn i prosjektet frå administrasjonane.
Konkret så blir det lagt opp til følgjande arbeidsdeling mellom kommunane og prosjektorganisasjonen i perioden fram til 31.12.19:
3.2 Generelle overordna prinsipp for arbeidet
- Arbeidet blir styrt av; Inndelingslova, intensjonsavtalen og delegasjonen fra kommunestyra. Dette krev at fellesnemnda blir haldt fortløpande orientert om framdrift og status i prosessen. Fellesnemnda har vidare ansvar for å informere og involvere dei andre politikarane i sine kommunestyrer og oppretthalde ein dialog med innbyggarar, nærings- og samfunnsliv.
- Prosjektskildringa skal sikre klare ansvarsforhold i høve til kommunane og prosjektet og mellom temaprosjekt, arbeidsgrupper, arbeidsutval, samansette grupper og linjer i alle fasar i prosessen med å etablere ein ny kommune.
- Tydeleg skilje mellom politiske og administrative oppgåver i samanslåingsprosessen og områder der det er behov for samhandling
- Fokus på gevinstrealisering i alle fasar av prosessen
- Samanslåingsprosjektet skal bestå av tre ulike delprosjekt
- Politiske delprosjekt
- Samhandlingsprosjekt mellom politikk og administrasjon
- Administrative delprosjekt
- Bruk av eksterne konsulentar skal avgrensast og å bere nyttast når prosjektorganisasjonen eller kommunane sjølve ikkje har kompetansen som krevjast eller ikkje har eigne ressursar
- Involvering av de tillitsvalde skal ivaretakast i alle prosjektet sine fasar
- Tilsetterepresentantar veljast av tillitsvaldforum og skal representere alle tilsette i begge kommunane
- Arbeidsgjevarane skal legge til rette for dei tilsette si involvering i samanslåingsprosjektet. Evt. vikar- og/eller reiseutgifter til deltaking dekkast av den einskilde kommune.