Kva er målsettinga med den nye kommunen?

Målsettinga med Kinn kommune er:
  • Bli ein attraktiv tilflyttingskommune
  • Bli den sentrale utviklingsaktøren mellom Ålesund og Bergen
  • Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggarane
  • Styrke vår attraktivitet som lokalisering for næringsverksemd
  • Sikre ei berekraftig utvikling med målretta satsing på klima og miljø
  • Styrke lokal stadidentitet og fellesskapskjensle til innbyggjarane i den nye kommunen

 

Når kjem den nye båtruta?

Fellesnemda har bestemt at det skal opprettast hyppigare båtruter mellom kommunane i dag. 

Oppstart av ruta er avhengig av kor tid finansieringa er på plass. Rutetabellen finn du i saka

 

I dag har Vågsøy og Flora kvar sin vidaregåande skule – Kinn kommune kan vel ikkje ha to vidaregåande skular?

Det er fylkeskommunen som bestemmer dette. Intensjonsavtala seier at Kinn kommune har som mål å arbeide for å styrke tilbodet og miljøet rundt dei to vidaregåande skulane, fagskulen og høgskulen. Det skal framleis vere to skular i kommunen. Førde kommune har i dag to vidaregåande skular.

 

Når kjem den nye symjehallen i Måløy, og den nye fotballhallen i Florø?

Intensjonsavtala seier at Måløy og Florø skal byggast ut som attraktive, urbane og kulturelle sentra ved å prioritere realisering av gjeldande plan for symjeanlegg, fleirbrukshall med spesialfunksjonar og kulturfasilitetar i Vågsøy og fullskala fotballhall i Florø.

Vi kan ikkje seie noko om kor tid dette kjem, men samanslåinga vil betre sjansane vesentleg for at dette vert realisert.

 

Kva skjer med skulane, barnehagane og omsorgsbustadene? Vil vi misse desse tilboda i lokalsamfunna våre?

Intensjonsavtala seier at vi skal ha og utvikle førstelinetenester som skular, sjukeheimar, helse- og omsorg, barnehagar og kulturtilbod der dei er ved samanslåinga. Dette betyr at samanslåinga av kommunane ikkje medfører at omsorgsbustader, legekontor, sjukeheimar, skular eller barnehagar vert nedlagde eller flytta. 

 

Må eg reise til Florø sitt servicetorg for å få svar på spørsmål om byggesak?

Nei. Intensjonsavtala seier at det skal vere eit servicetorg både i Florø og Måløy. Servicetorga skal hjelpe innbyggarane innan dei mest etterspurde tenestene. Digitalt vil den nye kommunen vere ope 24 timar i døgnet, heile veka. Dette inneber at du vil få moglegheita til å utføre dine oppgåver knytt til kommunen kor tid du vil, kor enn du er.

 

Kva med kommunesenter?

Intensjonsavtalen slår fast at det skal vere delt kommunesenter i Kinn kommune. Fellesnemnda ba prosjektrådmannen om å leggje fram sak om korleis funksjonane i administrasjonen skal fordelast mellom Måløy og Florø. Denne saka blei lagt fram for Fellesnemnda 17. april 2018. Fellesnemnda vedtok rådmannen sitt framlegg med lik fordeling av leiarfunksjonar mellom Florø og Måløy.

Intensjonsavtalen seier uansett at det skal vere forholdsvis like mange arbeidsplassar på kvar stad som før samanslåinga.

Det er og fastlagt i intensjonsavtala at det i Måløy skal etablerast kompetansemiljø innanfor desse områda:

  • Samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet
  • Fornybar energi og klima
  • IKT

 

Korleis blir den politiske organiseringa? Vil det ikkje bli ei overvekt av politikarar frå Flora i Kinn sitt kommunestyre?

Her må dei folkevalde tenke gjennom ulike modellar.  Det blir opp til dei politiske partia å finne ei god og tenleg organisering og korleis arbeidet med lister skal skje. Men det er bestemt at kommunestyret i Kinn kommune skal ha 39 medlemar. All erfaring frå andre kommunar med både by- og landareal tilseier at distrikta blir godt representert og i enkelte tilfelle overrepresentert.
 
Den politiske møteverksemda skal ta heile den nye kommunen i bruk blant anna ved å veksle mellom Måløy og Florø for avvikling av bystyre/kommunestyre og formannskap.
 

Når vert det nye ungdommens bystyre/ungdomsråd etablert?

Ungdommens bystyre/ungdomsråd for Kinn kommune vert etablert samtidig som det ordinære kommunestyret for Kinn kommune.

 

Kan eg få vere med og bestemme nytt kommunevåpen?

Dette er enno uavklart. Den politiske arbeidsgruppa for felles kultur, identitet og symbol arbeidar med dette. I løpet av våren vil det bli avklart korleis innbyggjarane kan delta.

 

Korleis blir det med interkommunale samarbeid?

Målet er at vi skal løyse dei fleste av oppgåvene sjølve. Fellesnemnda vil vurdere kva samarbeid som er hensiktsmessig å vidareføre frå kommunane i dag. På grunn av geografi vert det til dømes ikkje aktuelt å gå ut av legevaktsamarbeidet i Nordfjord.

 

Korleis skal kommunen jobbe med plan- og utviklingsoppgåver?

Intensjonsavtala seier at arbeid med plankapasitet, areal og tilrettelegging for tomter til næring, landbruk og bustadbygging skal prioriterast. I praksis betyr dette at Kinn kommune vil få større kapasitet til å handsame din plan- eller byggesak.

Dette inneber også at det å drive med utvikling av næring og finne seg eigna areal til ulike føremål på både land og i sjø vert enklare.

 

Eg er tilsett i Vågsøy kommune i dag, kan eg risikere å måtte flytte til Florø for å behalde jobben min?

Ingen må flytte som følgje av samanslåinga, men sentrale funksjonar blir delt mellom Måløy og Florø.  Det er ulovleg å knytte buplikt til ei stilling.

Intensjonsavtala seier at alle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som ein har i noverande kommune. Dersom det blir overtallige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna passande arbeid i rimeleg avstand.

 

Korleis blir det med samfunns- og næringsutvikling i den nye kommunen?

Intensjonsavtalen seier at den nye kommunen skal vere ein sterk utviklingsaktør og bygge på dei aktiva området har. For å følgje opp dette er det oppretta fleire grupper som har som mål å få på plass organiseringa av utviklingsarbeid. Til dømes er Måløy Vekst, Nordfjord Hamn og Aksello involvert i arbeidet.

Andre sentrale spørsmål utanfor intensjonsavtala:

Kva skjer med arbeidsgjevaravgifta i Kinn kommune?

I dag har Vågsøy (10,6%) og Flora (14,1%) ulik sats for arbeidsgjevaravgift. Differensiert arbeidsgjevaravgift skal uansett vurderast på nytt i 2021. Fellesnemnda har bestemt at det så tidleg som mogleg skal søkast om kva for sats Kinn kommune vil få frå og med 01.01.20. Dette etter at kommunalminister Monica Meland har oppmoda Kinn om å sende ein slik søknad. Søknaden vil innehalde argument for at Kinn skal kunne få lågast mogleg sats. Det er rom for bruk av skjønn innanfor regelverket kring dette.

Oppsummert håpar vi på ei avklaring på kva for sats Kinn kommune vil få i løpet av våren 2018.

Korleis blir det med dei kommunale avgiftene i Kinn kommune?

Avgiftssystemet og nivået på avgiftene i dei to kommunane er relativt likt. Sjå tabellen nedanfor. På andre område kan det vere større ulikskapar. Til dømes har kommunane ulike system for tilknytingsavgift. Her er avgifta langt høgare i Flora, men finansieringa av avløpssystemet er bygd opp på ein annan måte slik at det blir vanskeleg å samanlikne.

Vidare har Vågsøy lågare avgifter innanfor byggesak og planhandsaming. Kva for avgifter Kinn kommune vil få vil først bli avklart hausten 2019. Det som er avklart er at avgiftene ikkje må vere harmoniserte før etter 2022. Det kan også etter denne perioden  vere mogleg å ha ulike avgifter i ulike delar av kommunen dersom det er politisk ønskeleg. Det er starta arbeid med å sjå på korleis avgiftssystement skal byggjast opp og vere så lågt som mogleg i heile Kinn. Det vil vere politiske avgjerder som bestemmer dei framtidige kommunale avgiftene.

Gebyrer for renovasjon, vann og avløp. Satser for en standard bolig på 120 m² ekskl. mva.
2016 Årsgebyr avfall Årsgebyr for septiktømming Årsgebyr for feiing og tilsyn Stipulert årsgebyr avløp Stipulert årsgebyr vann
1401 Flora 3189 1779 460 2092 1969
1438 Bremanger 2811 1600 460 3273 5609
1439 Vågsøy 3382 1192 424 2779 2181
1441 Selje 2810 1037 500 2585 4580
1443 Eid 2855 673 380 3846 4245

Kilde: Statistisk sentralbyrå

Økonomi i Kinn kommune

Fellesnemda har bestemt at det skal utarbeidast eit skuggebudsjett for Kinn i løpet av våren 2018. Dette budsjettet vil innehalde ein heilskap når det gjeld forventa framtidige inntekter og utgifter. Per no så har vi berre det som ligg i dei to kommunane sine budsjett og økonomiplanar, samt rammene frå staten på kva for inntekter kommunane får i tillegg til andre inntekter på grunn av vedtaket om samanslåinga. 

Økonomiske effektar - statlege overføringar
  År 17    Pr. år 18 - 19    Pr år 20 - 34    Totalt   
Overgangsordning 7 600 7600   22 800
Regionsentertilskot Vågsøy 733 1 445   2 188
Regionsentertilskot Flora 1 445 2 894   4 339
Regionsentertilskot Kinn     4 400 66 000
Effekt frie inntekter     3 300 49 500
Sum årleg effekt av at kommunane slår seg saman 9 778 11 949 7 700 144 827

Tabellen viser økonomiske effektar på inntekt frå statlege overføringar pga. vedtaket om samanslåing av Vågsøy og Flora kommune til Kinn kommune. Tabellen tek ikkje med eingongstilskott, mogleg effektivisering m.m. Tabellen seier heller ikkje noko om lokale høve som eigedomsskatt, avgift m.m. 

Tabellen syner kva kommunane har pr. utgang av 2017 i eigendelar og gjeld
  Flora Vågsøy Kinn
Disp. fond 25 443 651 10 165 636 35 609 287
Kraftaksjar 50 662 688   50 662 688
Ubunde inv. fond 405 398 8 664 135 9 069 533
Lånegjeld brutto 1 529 815 924 614 015 030 2 143 830 954
Sjølvfinansierande lånegjeld 740 115 360 160 000 000 900 115 360

 

Kva med NAV-kontora?

Fylkesdirektøren og prosjektrådmannen har dialog om endringane i NAV.