Kommuneproposisjonen for 2015 legg grunnlaget for arbeidet med ei ny kommunereform, der regjeringa ønskjer å flytte makt og ansvar over til meir robuste kommunar. Målet er eit lokaldemokrati som kan ivareta velferd og sikre verdiskaping og trivsel. Kommunane er pålagt eit stort ansvar i prosessen, og det vert lagt opp til at alle kommunar skal gjennomføre utgreiingar, drøfte og vurdere samanslåing.
Stortinget sitt vedtak
Alle av Stortinget sine 169 representantar vart samla når samanslåing av Flora og Vågsøy kommune skulle avgjerast den 08. juni 2017.
Stortinget vedtok samanslåing av Flora og Vågsøy kommunar frå 01.01.2020 med 92 røyster for og 77 røyster mot.