Spørsmål

Hvordan blir det ang.overnatting for arbeidstakere fra Flora/Måløy om situasjoner oppstår der de ikke kommer seg hjem ved besøk i motsatte byer? Blir det opprettet tilgjengelige leiligheter for slike tilfeller?

Svar frå prosjektrådmannen

Takk for eit relevant spørsmål! Kinn kommune vil gå til kjøp av eit par hybelhusvære både i Florø og Måløy. Dei kan nyttast til føremålet.

I tillegg vil vi måtte inngå ein rammeavtale med hotella begge stader.

Vidare vil omstillingsavtalen seie meir om kva kompensasjon dei tilsette skal få generelt ved reise mellom kommunesentra, og spesielt i slike tilfelle.


Spørsmål

Hvordan blir det når enten Flora eller Vågsøy trenger ekstra personell ved sykdom,ferier o.l? Kan da tjenesteledere bruke styringsretten og kreve at ansatte i f.eks Måløy må dra til Flora når som helst og kanskje over lang tid?

Svar frå prosjektrådmannen

Takk for spørsmålet ditt. Vi syns det er både kjekt og interessant at det vert reist spørsmål som handlar om korleis vi kan og bør organisere drifta i Kinn. Så til spørsmålet ditt. Kjernen i svaret vårt er nok at vi kan disponere arbeidskrafta og nytte styringsretten reint formelt innanfor heile verksemda vår. Ikkje noko hindrar oss i det, men er det rasjonelt og fornuftig? Vikar og ekstramannskap er i seg sjølv dyrt. Å beordre personell med kostbare reisekostnader og eventuelle overnattingskostnader vil truleg ikkje vere ei god løysing. Eg meiner dette kun vil vere aktuelt der det er naudsynt for å sikre ei forsvarleg drift og andre alternativ ikkje kan gjennomførast. Så kan det vere tilfelle der arbeidstakarane sjølve ønskjer variasjon i arbeidet.  Eg trur likevel vi vil ha fokus på å finne dei gode løysingane  - for arbeidsgjevar så vel som arbeidstakarane i Kinn.