- §1 Innstilling
- §2 Oppnemning og konstituering
- §3 Arbeids- og ansvarsområde
- §4 Opne møter
- §5 Vedtak
- §6 Arbeidsutval
- §7 Partsamansette utval
- §8 Andre utval
- §9 Delegering til prosjektleiar
- §10 Krav om handsaming i kommunestyra
§1 Innstilling
Prosjektleiar innstiller overfor fellesnemnda. Inntil prosjektleiar er tilsett har rådmennene i Flora og Vågsøy innstillingsrett og forvaltar denne etter avtale.
§2 Oppnemning og konstituering
Fellesnemnda er oppretta med heimel i Inndelingslova § 26. Nemnda konstituerer seg sjølv i august 2017 og vel leiar og nestleiar.
Ein representant frå ungdommens bystyre frå Flora og ein representant frå Vågsøy ungdomsråd tiltrer fellesnemnda med talerett.
Kvar kommune får ein observatørplass til tillitsvalde med tale- og talerett
§3 Arbeids- og ansvarsområde
Fellesnemnda skal:
a. Gjennomgå og vurdere prinsipielle sider ved samanslåingsprosessen. Fellesnemnda skal ikkje delegere avgjerdsmynde, med mindre fellesnemnda finn at dette er hensiktsmessig.
b. Fatte vedtak i saker som er nødvendig for å etablere Kinn kommune
c. Disponere eingongstilskotet og annan finansiering til føremålet
d. Tilsette prosjektleiar/rådmann
e. Handsame innstilling til overordna organisering av Kinn kommune
f. Sjå til at reglar og avtalar om tilsette og dei tillitsvalde sin medverknad og medråderett vert følgd
g. Godkjenne dokument som gjeld arbeidsgivarpolitiske spørsmål
h. Kome med framlegg til budsjett og økonomiplan for det nye kommunestyret
i. Kome med framlegg til nye satsar for avgifter, gebyr og eigenbetalingar
j. Gi uttale til departement/fylkesmann om årsbudsjett og økonomiplan i perioden fram til samanslåinga
k. Kome med framlegg til delegeringsreglement som vert vedtatt av det nye kommunestyre
l. Kome med framlegg til godtgjerslereglement og andre relevante reglement som det nye kommunestyre skal vedta
m. Kommunestyra skal vedta godtgjersleregulativ for fellesnemnda og underliggande organ og utval
n. Kome med framlegg til revisor til kommunestyre sitt første møte
o. Vedta kommunikasjonsplan for arbeidet med kommunesamanslåinga
p. Fellesnemnda får myndighet til å ta initiativ til og gjennomføre forhandlingar med Bremanger kommune om å inkludere dei i Kinn kommune.
Fellesnemnda kan:
a. Delegere delar av sitt mynde til underliggande organ i enkeltsaker og saker som ikkje er av prinsipiell art
b. Uttale seg i saker som er til handsaming i kommunane sine ordinære utval fram til den nye kommunen er etablert. Dette gjeld når fellesnemnda meiner at desse sakene har eller kan ha konsekvensar for samanslåingsprosessen.
Fellesnemnda har eit spesielt ansvar for å vurdere saker med økonomiske konsekvensar og førebu budsjett for 2020 og økonomiplan 2020-2023. Det er det nye formannskapet som skal kome med budsjettinnstilling overfor det nye kommunestyret.
Leiar i fellesnemnda kallar inn til og leiar konstituerande kommunestyremøte i Kinn kommune inntil ordførar er vald.
§4 Opne møter
Møta i fellesnemnda og underliggande organ er opne om ikkje anna vert bestemt.
Alle møta i fellesnemnda skal streamast så langt det er mogleg.
§5 Vedtak
Fellesnemnda skal søke å oppnå konsensus i alle avgjerslene. Ved usemje skal fellesnemnda vurdere om spørsmålet kan utsetjast til etter at nytt kommunestyre er konstituert. I saker der det ikkje vert oppnådd semje, vert sakene avgjort med alminneleg fleirtal. Ved likt stemmetal har leiar dobbeltrøyst.
§6 Arbeidsutval
Arbeidsutval for fellesnemnda skal førebu og legge til rette for nemnda si sakshandsaming. Arbeidsutvalet kan ta avgjerd i saker etter delegering frå fellesnemnda.
§7 Partsamansette utval
Partsamansett utval skal kome med uttale i saker som gjeld tilhøvet mellom arbeidsgjevar og dei tilsette.