Kinn kommune har i media blitt omtala som "Noregs raraste kommune". Det er sant at Flora og Vågsøy ikkje delar kommunegrenser, men vi ser ikkje på dette som ei hindring. Tvert i mot. Med glød i auga ser vi mot framtida og moglegheitene som ligg der. Det krev nytenking og ein stø kurs mot innovasjon. Vi har ein sterk vilje og er stadig søkande mot den neste praksis. 

Vi blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø. 

Vi søker etter:


Assisterande rådmann, kontorstad Florø og Måløy

  • Overordna ansvar for stabane
  • Delegerte fullmakter frå rådmannen 
  • Rådmannen sin stadfortredar og rapporterer til han
  • Rådmannskontakt for alle stabsleiarane med unntak av økonomi
  • Trer inn i vakansar i rådmannsgruppa
  • Ansvar for beredskapsarbeidet
  • Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter rådmannen si avgjerd

Kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø, kontorstad Måløy

  • Fagleg, økonomisk og administrativ leiing av tenesteområdet
  • Styring, samordning, utvikling og effektiv drift av tenesteområdet
  • Representerer rådmannen i hovudutval og andre politiske møteorgan
  • Er rådmannskontakt for alle tenesteleiarane i tenesteområdet
  • Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter rådmannen si avgjerd

I tenesteområdet inngår planavdeling, kulturtenestene, tekniske driftstenester, brann og redning og delar av eigedomstenesta (ikkje avklara).

Kommunalsjef for innovasjon og utvikling, kontorstad Måløy

  • Ansvar for det langsiktige og strategiske innovasjonsarbeidet i kommunen
  • Drive innovasjonsprosessane frå ide til gjennomføring
  • Vere pådrivar og ha ansvaret for digitalisering og neste praksis
  • Realisere intensjonsavtalen sitt punkt om at det « I Måløy skal etablerast kompetansemiljø til felles utvikling av mellom anna samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, fornybar energi og klima og IKT.
  • Sikre at kommunen arbeider systematisk med utvikling og omstilling for å nå overordna målsettingar
  • Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter rådmannen si avgjerd

Du må gjerne ha god kjennskap til datateknologi og digitalisering, men det er viktigare at du kan arbeide med menneske som søker nye måtar å løyse oppgåvene på; neste praksis.

Vi ser etter deg med følgjande kvalifikasjonar:
  • Relevant erfaring frå fagområdet 
  • Leiarerfaring
  • Utgreiingserfaring
  • Erfaring med å arbeide opp mot eit politisk system
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å skape gode relasjonar internt og mellom sektorar
  • Utvikling- og resultatorientert 
  • Analytisk og har gjennomføringsevne
  • Lagspelar med fagleg autoritet innanfor ansvarsområdet
  • Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon 
Som leiar i Kinn må du rekne med å arbeide i heile kommunen sitt geografiske nedslagsfelt uavhengig av kvar du har kontorstad.
 
Vi kan tilby:
  • Ein organisasjon som skal gjennomføre tidenes kompetanseløft
  • Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring
  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
  • Godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer
  • Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar
Om du har spørsmål eller ønskjer å snakke om stillingane kan du kontakte prosjektrådmann Terje Heggheim, tlf. 911 01 266, terje.heggheim@flora.kommune.no eller Jan Storstein Sebjørnsen i Skagerak Consulting, tlf. 950 09 444, jss@skc.no.
 
Søknadsfrist: 19. oktober 2018.