Kva er dine innspel til utvikling av Kinn kommune?
Kor: Flora samfunnshus, festsalen.
Tid: Tysdag 29. mai kl. 18:00 – 21:00.
Agenda
- Informasjon om Kinn kommune og prosessen med etablering av den nye kommunen
- Arbeid i grupper:
- Kva forventar du at Kinn skal gjere for deg og byen din?
- Kva kan du og din by gjere for utvikling av kommunen?
- Kva er viktig for å byggje eller skape «Kinn-identitet»?
Fellesnemnda har vedteke at det skal gjennomførast ein prosess for få på plass ein samfunnsplan for Kinn kommune. Første del av dette arbeidet vil vere å gjennomføre folkemøter i grendene i Kinn. Arbeidet med samfunnsplanen har ordførarane fått ansvar for, og begge er til stades på folkemøta.
Samfunnsplanen er Kinn kommune sin overordna plan for kommunen og all anna planlegging ot utvikling i kommunen vil ta utgangspunkt i samfunnsdelen. I dette arbeidet ønskjer vi brei folkeleg involvering, og som ein start på arbeidet vil vi invitere grendene/byane til aktiv deltaking. Vi ønskjer innspel og kva folk meiner er viktig i sitt lokalmiljø og korleis vi skal gjere heile kommunen til ein god stad å leve og bu.