Ønsker du å påverke kva slags kandidatar som blir valt, kan du gje ei personstemme til dei kandidatane du ønsker skal få eit slikt personstemmetillegg.

Det er opp til deg om du vil endre på stemmesetelen ved å gje personstemme.

Framgangsmåten for å gje personstemmer står forklart på stemmesetelen.

Vi på Servicetorget hjelper deg gjerne om du lurer på noko.

 

Val 2019 - Korleis endrar du på stemmesetelen?.jpg

Slik gjev du personstemmer ved Kommunestyrevalet

1. Set eit kryss i ruta ved namnet til kandidatane du vil gje ei personstemme. Du kan gje personstemme til så mange kandidatar du vil.

2. Skriv kandidatnamn frå andre parti i eit eige felt på stemmesetelen. Kor mange kandidatnamn du kan føre opp står på stemmesetelen.

Ver merksam på at dersom du gjev personstemme til ein kandidat frå eit anna parti, vil ei såkalla listestemme bli overført til det andre partiet. Dette kan påverke fordelinga av mandater i kommunestyret.

Slik gjev du personstemmer ved Fylkestingsvalet

Set eit kryss i ruta ved namnet til kandidatane du vil gje ei personstemme. Du kan gje personstemme til så mange kandidatar du vil.