Laurdag 13. juli kan du delta på den den årlege festivalen Våt Moro i Florø! Våt Moro starta i 2012 og har vore ein stor suksess kvart år. Her finst det artige opplevingar for små og store – men også for dei dristige!
Dette er noko av kva du kan oppleve:
- Barnepark
- Kajakk (vaksen og ungdom)
- Havrafting
- F1-båttur med førar
- Turnering i beachvolleyball
Gratis båtrute med bindande påmelding
På laurdagen kan du reise gratis frå Måløy kai kl. 09.30.
Du kan reise med ordinær rutebåt frå Florø kl. 17.35 (denne er ikkje gratis).
Bindande påmelding går per e-post til ida.steenslid@vagsoy.kommune.no innan fredag 12. juli kl. 12.00.