Laurdag 07. september kan du delta på ein super-sanseleg dag i Florø med mat, drikke, kos, prat og hygge.

Dette er noko av det du kan oppleve:

  • Matboder
  • Bondens marked
  • Spennande innvandrarmat
  • Barnas matdag
  • Frivillege Flora

Gratis båtrute med bindande påmelding

På laurdagen kan du reise gratis frå Måløy kai kl. 09.30.

Du kan reise med ordinær rutebåt frå Florø kl. 17.35 (denne er ikkje gratis).

Bindande påmelding til Byen Vår Florø – post@byenfloro.no, ved Per Øyvind Helle - påmeldingsfrist kl 15.00 fredag 6. september.