Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet i ein kommune.
Alle personar med røysterett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen dei var registrert som busett i folkeregisteret, per 30. juni i valåret 2019. Om du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet (og har røysterett) i den kommunen du flytta frå.
Sjekk om du står i manntalet
Manntalet for Kinn vert lagt ut til gjennomsyn f.o.m. 10. juli og fram til valet. Du kan då sjekke om du står i manntalet i Kinn på servicetorget på rådhuset i Måløy, Gate 1 nr 120, og på Informasjon og service (tenestetorget) i Florø, Markegata 51. Du kan også ringe Vågsøy kommune, tlf. 57 84 50 00 eller Flora kommune, tlf. 57 75 60 00, og få opplyst over telefon om du står i manntalet.
Dersom du bur i utlandet...
...men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.
Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søkje til den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsrøystegjevinga utanriks.
Dersom du førehandsrøyster i Norge og ikkje brukar den omtala omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema.
Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 10. september kl. 17.00.