PwC har på oppdrag frå ordførarane i Selje, Eid, Stryn, Gloppen, Vågsøy, Flora og Bremanger utarbeidd rapport om organisering av hamnedrift i Nordfjord og Flora. Rapporten inneheld ulike alternativ for organisering av drift av kommunal hamneverksemd i dei nemnde kommunane. 

Vågsøy kommune er ein del av Nordfjord Hamn IKS. Flora kommune driv hamneverksemd i eiga kommunalt føretak. Selje er ein del av Nordfjord hamn, medan Eid driv eigen hamneverksemd.

Tidlegare utgreiingar og vedtak om framtidig organisering har ikkje ført til ei felles forståing for korleis hamneverksemda bør bli organisert i framtida. Difor har ein sett ned ei styringsgruppe som skal vurdere framtidig organisering.