Økonomiplanen er vedtatt
No har kommunestyret vedtatt økonomiplanen. Neste år vert krevjande. Nokre av tenestene fekk større budsjettkutt enn i rådmannen sitt utkast. Andre vart styrka. Vi må sjå heile organisasjonen under eitt, og vi veit det vil bli gjennomført kostnadskutt i dei fleste ledd. Dette kjem vi tilbake til når vi er vorten ein felles driftsorganisasjon på nyåret. På investeringssida ligg det igangsetting av fleire store prosjekt. Fullskala fotballhall i Florø, ny E–fløy på Kulatoppen, nye brannstasjonar i begge byane, gymsal ved Florø barneskole og samlokalisering av administrasjon, er døme på nokre av desse utbyggingsprosjekta. Dei er alle viktige for å utvikle kommunen vår til ein betre stad å bu.
Nynorsk som føretrekt administrasjonsspråk
Kommunestyret vedtok i sist møte at Kinn kommune skal ha ein gjennomført nynorsk profil i sin eksterne kommunikasjon. Dei oppmodar om at nynorsk vert nytta som administrasjonsspråk, men kommunen er likevel formelt språkleg nøytral, slik at tilsette kan velje det administrasjonsmålet som dei skriv best. Når vi skal svare på innkomen korrespondanse, skal vi nytte avsendaren si målform. Det betyr at vi i trykte publikasjonar, heimeside, profilering, annonsering og liknande, skal nytte nynorsk. I interne notat, saker til politisk handsaming og annan skriftelg intern kommunikasjon kan velje den målforma som du er best i. Det er viktigare at vi i denne delen av kommunikasjonsarbeidet tenker på godt og klart språk, enn at du skal føle deg tvungen til å skrive på ei form du ikkje er best i. Eit godt og klart språk er gjerne enklare i form du kjenner deg best i. Samtidig betyr det at når vi skal svare på brev, meldingar og anna skriftelg materiale frå innbyggarar, organisasjonar og til dømes næringsliv, skal vi nytte den målforma til avsendaren.
Lønsslipp på mobilen
Frå januar 2020 vil alle tilsette få lønsslippen på mobiltelefonen sin. Dette må vi sjå som del av neste praksis og arbeidet med digitalisering i Kinn.
Du vil få meir informasjon om korleis det vil virke og korleis du får tilgang til slippen over mobilen.
Nedetid på enkelte IT-funksjonar i romjula
På fleire fagområde nyttar vi dataprogram som skal fornyast. For å avvikle det gamle, installere det
nye og for å lime den nye kommunen i hop datateknisk, vil vi måtte stenge programma i ein periode. Vi vil få eigne meldingar om tid for slik stenging, men i hovudsak vil det skje i romjula. Det skal etter planen få mindre følgjer for publikum. Er du tilsett i kommunen og nyttar fagprogram eller andre it-løysingar, må du vere budd på at dette vil skje.
IKT Nordfjord og Nordfjordnett.
Kommunestyret vedtok i siste møte å organisere it-drifta saman med dei andre nordfjordkommunane i oppgåvefelleskap. Kinn overtar som vertskommune for driftsorganisasjonen Nordfjordnett, og Stad i tilsvarande rolle for den strategiske delen av samarbeidet.
Nye arbeidsavtalar snart på plass
Personalavdelinga jobbar no intensivt med at alle skal ha nye arbeidsavtalar så snart som råd. Det kan vere at ikkje alt er klart til årsskiftet, men det har ingen formell betyding i høve arbeidsforholdet du har med kommunen. Vi opplever datatekniske utfordringar med å kople opplysningar frå mange ulike felt til rett plass i eit nytt dokument. I dag kan vi ikkje garantere at dette vil vere rett i første utkast til arbeidsavtale. Difor kan det vere at den første arbeidsavtalen du får er nettopp det; eit utkast. Vi veit meir om dette om ei vekes tid, men vel å nemnde det her fordi vi har fått fleire spørsmål om saka. Vi kjem tilbake med informasjon.
Vi nærmar oss
Denne veka hadde bystyre i Flora og kommunestyre i Vågsøy sine siste møter. Begge møta vart gjennomført i ein god tone og avslutta med ein middag seinare på kvelden. I dag hadde alle tenesteleiarane ei samling i Florø med fokus på budsjettet og kva som skal skje i dagane som kjem. På søndag vert sak-arkivsystema i dei gamle kommunane stengd og alle med sakshandsamaransvar skal ha avslutta arbeidet sitt i den basen. Dei fleste er på jobb i neste veke, men så byrjar vel juleferien etter kvart for fleire og fleire. I dag fekk eg overlevert det nye stempelet vi skal nytte etter samanslåinga. Det er 18 dagar igjen til Kinn kommune.
God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!