Nyttig beredskapsøving

Onsdag vart det gjennomført ei beredskapsøving i regi av fylkesmannen. Det var dei nye samanslåingskommunane som vart testa i høve beredskapsplan og tiltakskort for ei rekke hendingar. Det gjekk stort sett på kva vi som kommune gjer i tilfelle med ekstremver, lengre straumbrot og tap av telefon/mobilnett. For Kinn var det ei nyttig øving der vi fekk gå gjennom dei aktuelle tiltakskorta, gjere oss nokre erfaringar og rette opp planverket der vi såg at vi har behov for det.

Den politiske leiinga fekk øve seg i å halde innbyggarane informert gjennom å gi intervju til media. Hendingane vi øvde på var blant anna evakuering av innbyggarar, stengde vegar, straumbrot, og som sagt tap av telefoni. Evakueringa innebar også å flytte elevar frå ein skule til ein annan. I Kinn har vi mogelegheita til å varsle innbyggarar innanfor eit geografisk avgrensa område. Gjennom rask tilgang til aktuelle telefonnummer som er i området, kan vi via eit datasystem nå ut med informasjon raskt. I tilfelle der vi måtte flytte elevane frå ein skule til ein annan, kan vi også gjennom varslingssystema våre, informere foreldra om kor dei eventuelt kan hente borna.

I ein situasjon der kommunen har satt beredskapsleiing er det rimeleg å forvente at kommunen har god kontroll med kva som skjer og kva som er naudsynt av tiltak. Det er likevel viktig å vere klar over at kommunen sin samla kapasitet inneheld din innsats som innbyggar. Kommunen skal strekke seg langt, men vil aldri klare å løyse ein ekstrem situasjon utan at du som pårørande, nabo, ven eller fordi du rett og slett er der og kan stille opp for fellesskapet.

Vi markerer til våren

Vi har fått nokre spørsmål om vi skal ha ei markering eller fest for den nye kommunen. Både Flora og Vågsøy vil etter dei siste kommunestyremøta ha ein middag sikkert med nokre talar og innslag som ei markering på det som vert avslutta. Når det gjeld å markere den nye kommunen, ventar vi til våren med det. Då vil vi gjennomføre samlingar med tilsette og folkevalde. Vi kjem tilbake med meir informasjon om det seinare.

Møte med næringslivet i Måløy

Torsdag var det Måløy Vekst som inviterte til møte i samarbeid med kommunen.

Tema var samarbeid og forventningsavklaring mellom næringsliv og kommunen i plan og byggesaker. Det stilte 35 personar frå næringslivet i Vågsøy. Alle partar oppfatta dette som eit positivt møte. Vi fekk avklara følgjande forventingar.

Kommunen skal:

  • Vere positiv i dialog med aktørane, gje god rettleiing og sjå etter moglegheiter.
  • Kommunen skal så fort som råd sette i gang med å fullføre arbeidet med arealdelen for Vågsøy og områdeplan for Måløy sentrum.
  • Vere tilgjengelig for aktørane og vere på synfaring når det trengs.

Næringslivet skal:

  • Tilstrebe å levere så gode søknadar som mogleg, etter kvart skal desse leverast digitalt.
  • Delta aktivt i planprosessar.
  • Ta tidleg kontakt med kommunen for rettleiing og avklaringar når dei har ei aktuelle sak.

Det er semje om at kommunen inviterer til eit nytt møte om eit halvt års tid, når vi har gjort oss nokre erfaringar.

Flora kommune fekk fullt ut medhald i rettssak

Gravdal bygg hadde stemna Flora kommune i ei sak om negativ kontraktsinteresse. Det betyr at dei vil ha dekka tapet for verdien av det arbeidet dei har hatt med eit anbod der kommunen var oppdragsgjevar. Eit oppdrag dei ikkje fekk, Markegata 55 i Florø (Docen II). Vi kan ikkje gå inn i detaljane i saka.

I dag kom dommen. Den slår fast at Flora kommune ikkje har gjort feil av ein slik karakter at det er snakk om tilstrekkeleg klart brot på regelverket. Då ligg det heller ikkje føre eit ansvarsgrunnlag og Flora kommune vart difor frifunnen. I tillegg må motparten betale alle sakskostnadane. Dommen er ikkje rettskraftig. Motparten kan anke.

Eg er uansett glad på kommunen sine vegner generelt og eg gleder meg mest med tanke på dei tilsette som har jobba både med anbodet og saka seinare. Gå rakrygga!

God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!