Compilo i heile organisasjonen
Vi har tidlegare skrive om val av kvalitetssystemet vi skal nytte i Kinn; Compilo. Vågsøy har nytta systemet i fleire år. Det vert innført i heile organisasjonen. Det er blant anna her vi skal melde avvik på lov, reglar og rutinar vi nyttar i drifta. Det er viktig å melde om avvik, men det er like viktig at det kan skje på ein enkel og grei måte. Compilo legg opp til det. For at vi skal ha noko å melde avvik frå, må rutinane våre leggast inn i systemet. Det er ein stor jobb. Alle rutinar og prosedyrerar i heile organisasjonen skal leggast inn i systemet. Dette vil vi sjølvsagt ikkje vere i mål med før samanslåinga, men det er viktig at vi førebur oss så godt vi kan. Difor vil det bli etablert ulike grupper for å arbeide med innføringa. Det er først etter årsskiftet vi får arbeidd vidare med denne oppgåva.
Personvernerklæring og ombod
Som kommune forvaltar vi mykje informasjon. Stadig meir. Noko av denne informasjonen inneheld personlege opplysningar. Vi har fått reglar for korleis vi skal handsame denne typen informasjon. Innbyggarane i kommunen skal blant anna vere trygge på at informasjon ikkje kjem ut til dei som ikkje skal ha han. Gjennom ei personvernerklæring fortel vi korleis vi handterer informasjonen vi sit på. Det er standardiserte reglar for slike erklæringar. Erklæringa skal ligge lett tilgjengeleg for alle som søker etter den. Vi vil legge vår erklæring på heimesida til kommunen. Der kan alle som vi registrerer informasjon om sjå kva rettar dei har til sine personopplysingar. Dette gjeld rettar til både innsyn, korrigering, avgrensa handsaming, overføring av personopplysingar, sletting, kven deler vi personopplysingar med etc.
Erklæringa er no vedtatt og vil bli lagt på heimesida med det første.
I tillegg til erklæringa skal vi også ha eit eige personvernombod i kommunen. Ombodet skal vere ein ressursperson for publikum og dei registrerte, og skal kunne handtere aktuelle problemstillingar. I Kinn vert det controllar Berit S. Osa som skal ha funksjonen. Den har ho hatt i Flora fram til no.
Feil i rådmannen sitt budsjettutkast
I dag har eg sendt ut eit notat til dei folkevalde. Det viser seg at vi har hatt ein reknefeil i investeringsoversynet i Framsikt. I budsjettsystemet Framsikt har husbanktilskot på 38,45 millionar kroner i økonomiplanåret 2021 teknisk sett dobla seg, noko som har medført at samla felles låneopptak ligg inne med tilsvarande for låg sum i 2021. Leverandøren av Framsikt har kontrollert at det ikkje ligg inne tilsvarande feil i andre investeringsprosjekt. I økonomiplanen medfører dette for låge kapitalutgifter i driftsplanen for 2021-2023, som må rettast opp.
I tillegg veit vi at Vågsøy kommunestyre har revidert prosjektsummen totalt. Korleis kan vi sjå desse to forholda i samanheng. Sjølv om dette kjem etter budsjettutkastet frå rådmannen, meiner eg det vil vere rett å ta høgde for desse endringane i forkant av kommunestyret sitt vedtak. I notatet seier eg meir om korleis vi kan gjere det.
Mens vi ventar på budsjettet
Budsjettet for 2020 blir tøft. Det vil vere vanskeleg å nå dei økonomiske måla utan å sjå på personalkostnadane vi har i framtida. Vi kan heller ikkje slå saman to kommunar utan å ta ut ein effekt i talet på tilsette. For å skape ro og tryggleik i sjølve samanslåinga er alle tilsette skjerma for oppseiing. Det gjeld. I første omgang må vi styre dette gjennom tilsettingar og vakansar.
Den vidare personaldimensjoneringa må skje etter ein overordna plan. Eg opplever lojale leiarar på alle nivå i Kinn. Leiarar som vil ta ansvar for økonomien alt no. Nokre av alternativa dei vurderer kan vere oppseiingar. Då er det viktig å vere klar over at oppseiingar berre kan skje etter ein samla plan og rådmannen si avgjerd. Ein slik prosess er krevjande og skal stette både lov og avtalekrav. I rådmannen sitt utkast til økonomiplan seier vi at vi skal starte eit slikt arbeid. I utkastet har det fått nemninga Personal 2023. Der skal personalavdelinga spele ei sentral rolle i lag med dei tilsette sine organisasjonar. Difor skal alle tilsette vere trygge på prosessen vidare.
God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!