Meir frå budsjettet

Først til det praktiske.

Måten vi legg fram budsjettet på er ny. Det inneber at både administrasjonen, folkevalde, tilsette og innbyggarar kan sjå kva som ligg i utkastet. Det er lett å finne på heimesida vår, men uvant og nytt når det kjem til å finne fram i dokumentet. Neste år vil vi ha eigen portal for dei folkevalde. Det håper eg de vil oppleve som ei god løysing. Det vil alltid vere nokre feil og lyter i innføringa av ny programvare. Det gjeld her også. Vi har sendt ut eige skriv om til alle folkevalde om at de må sende oss spørsmål om det er noko de treng avklaring på. Vi har fått fleire i og vil svare så snart vi har høve til det.

Så nokre fakta frå budsjettutkastet.

Vi har driftsinntekter på ca. 1,2 milliard kroner. Å drive tenestene i Kinn i 2020 vil koste nærare 1,1 milliard. Neste år skal vi betale over 96 millionar kroner i avdrag på låna våre. I 2023 vert denne summen auka til over 117 millionar. Du må gå inn i sjølve investeringane for å sjå kva vi skal bruke desse pengane på. I tillegg er det eigne oversikter over investeringane i sakspapira til formannskapet 21. november. I siste året i same periode skal vi betale om lag 75 millionar i renter. Vi budsjetterer med 40 millionar i inntekter frå Havbruksfondet neste år. Både Vågsøy og Flora har gjort eigne vedtak som har direkte konsekvens for økonomien i Kinn. Vågsøy med om lag 59 millionar, Flora nesten 19 millionar. Den endringa i folketal som gir oss størst utfordring er nedgangen i barnetalet (6-15 år). I 2023 får vi 12 millionar mindre frå staten til denne gruppa. Vi kjem tilbake med fleire fakta seinare

Frå KS Vestland

Onsdag og torsdag denne veka var det konstituerande møte i den nye KS-organisasjonen for det nye fylket. Den skal heite KS Vestland. Det vart vald nytt fylkesstyre og rådmannsutval. Ola Teigen, Sissel Kongsvik, Jacob Nødseth og eg møtte på vegner av Kinn. Onsdag var statsbudsjettet tema og overfor statssekretæren i Kommunal og moderniseringsdepartementet fekk vi fram bodskapen om dei uheldige verknadane med inntektene for Kinn. Eg opplevde ein statssekretær som for opna for å sjå på blant anna tapet av Sør-Norge tilskotet. I ein ti-årsperiode tapar Kinn over 60 millionar kroner på den endringa i inntektssystemet. Vi tok også opp dei betydelege utfordringa med grensejustering av Bryggja. Her er eg samd med statssekretæren i at vi må følgje dei prosedyrane inndelingslova legg opp til. Forhandle, mekle og eventuelt skjøn. Det kan ta tid, men vi følgjer lova.

KS er ein viktig organisasjon for alle dei 43 kommunane i det nye fylket. Den har mange ulike arbeidsoppgåver. Vi kjenner til rolla deira når forhandlingane skjer om våren. KS kan forplikte alle kommunane i landet i samband med lønsforhandlingar i den kommunale sektoren. Som interesseorganisasjon har dei ofte møter med både regjering og storting. Som utviklingspartnar skal dei hjelpe kommunane, med nye løysingar og syte for at alle kommunane, små og store, kan ta del i utviklingsoppgåver.

I det nye fylkesstyret vart Ola Teigen vald inn som fast medlem. Det vart også Terje Førde som bur i kommunen vår. Han vart vald av KS bedriftene fordi revisjonen han arbeider i er medlem der. Eg vart vald som leiar i rådmannsutvalet og møter då også fast i fylkestyret. Rådmannsutvalet førebur ofte sakene før handsaming i fylkesstyre. Ved slik representasjon kan vi få tidleg kunnskap om store og viktige saker for kommunane og det nye fylket. Det kan tene sakshandsaminga i eigen kommune på ein god måte.

Ressursstyringssystem

I dag var det startmøte i Florø for innføring av ressursstyringssystemet Tieto RS. Prosjektleiar i Kinn vil være Anita Solberg, og lokal prosjekt-gruppe er i tillegg representantar frå skule og omsorg i Flora og Vågsøy. I løpet av ei veke vil endeleg prosjektplan og framdrift vere klar, og arbeidet fram mot eit felles system for Kinn er då i gang.

Strategisamling Måløy vekst

Kinn var til stades, då Måløy Vekst hadde strategisamling denne veka. Dei vil, som Aksello, vere ein viktig samarbeidspart for oss om næringsarbeid. Vi er i ferd med å få felles forståing av arbeidsdelinga mellom dei to selskapa og kommunen. Då ligg det godt til rette for at Kinn kan jobbe godt med næringsutvikling i kommunen og regionen.

God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!