Budsjett, kommunestyre og folkevaldopplæring

Denne veka har stort sett gått med til budsjettarbeid. Eg har alt skrive om utfordringane vi står overfor. Det er slik at di meir vi arbeider med det, di meir vert dei stadfesta. Budsjettutkastet vert lagt fram som del av kommunestyremøte og folkevaldopplæringa i neste veke. Onsdag og torsdag skal dei folkevalde og den sentrale leiinga vere samla på Raudeberg og Måløy.

Då startar den politiske delen av budsjettarbeidet. I tillegg til ordinært kommunestyremøte vil det også bli innføring i Kinn som organisasjon, styring og Framsikt (programvare) som eit verktøy i arbeidet. Torsdag vil det vere eigne utvalsmøte der opplæringa også vil halde fram med fokus på kva som gjeld det enkelte utvalet. Den generelle folkevaldopplæringa vil halde fram på nyåret. Då vil det gjelde meir generelle tema som overordna lovverk, reglement, kommuneøkonomi, møteleiing og liknande.

Turlagshytte på Kinn

Flora turlag søker Kinn kommune om stønad til å kjøpe det gamle skulehuset på Kinn for å gjere det om til ei turlagshytte. Det er ein funksjon anlegget har i dag, men i eit leigeforhold med soknerådet. Kinn har ein viktig posisjon i den nye kommunen. Øya og kyrkja er alt i dag viktig for alle som går pilgrimsleia i desse traktene. Vi skal ikkje undervurdere alle dei tusen i Europa som årleg reiser rundt med nettopp slike stader som mål.

Å støtte eit slikt tiltak vil difor vere med å legge til rette for at dei som bur på øyane våre kan hauste av dei ringverknadane slik turisme gir. Eg veit at det første året med opa kyrkje på Kinn gav nokre få reisande. Det utvikla seg positivt og siste året før vi stengde kyrkja for vøling, var det langt høgre besøkstalet. Her ligg såleis eit godt grunnlag. Difor tilrår eg å støtte Flora turlag sin søknad. Kommunestyret tek stilling til saka i neste veke.

Måløyraidsenteret

No meiner eg styret for senteret har funne ei løysing som sikrar vidare drift. Sist saka vart handsama i formannskapet sa dei nei. Det vart rett og slett for dyrt. Styret i stiftinga har arbeidd på spreng slik at vi kan fremme ei sak til kommunestyret i neste veke. Difor vert det no sendt ut ei tilleggssak. Dersom kommunestyret seier ja til den, kan senteret betale 60% av skulda til leverandørane, renter og avdrag etter avtale med banken, og viktigast; sikre vidare drift. Då må Kinn kommune gi senteret ei støtte på 3,3 millionar kroner. Nærare tre av desse millionane går med til å dekke skuld, renter og avdrag og vidare drift.

Om lag 300 000 kroner vert øyremerka elevreiser etter ein modell oppvekstsektoren kjem fram til. Her er det meininga å finansiere reiser og besøk for elevar som besøker Måløyraidsenteret og Newtonrommet i Florø. Slik kan kommunen vere med å sikre drifta, i tillegg til sjølve pengeoverføringa. Som sagt; eg opplevde at formannskapet meinte at den førre løysinga vart for dyr. No er det opp til kommunestyret å ta stilling til den nye søknaden. Saka vert fremma med ei positiv tilråding frå mi side. Formannskapet besøkte senteret for 14 dagar sidan. Eg høyrde berre positive kommentarar under synfaringa. Vi kan formidle historie på fleire vis.

Den militære operasjonen i Måløy og Sør-Vågsøy i romjula 1941 er omtalt i fleire bøker og krigshistoriske dokument. Det er berre Måløyraidsenteret som gjer det i tidrett rekkefølgje og med autentiske opptak og effektar. Det gjer det til ei formidling i særklasse. Det hadde ikkje vore mogeleg å kome med ei ny sak til kommunestyret utan innsatsen til stiftinga sitt styre. Takk for ein eineståande og målretta innsats.

Nye brukarar i Nordfjordnett

Nye brukarar vert no oppretta for alle tilsette i helse- og velferd og kommuneadministrasjonen i Florø. Det vert sendt meir informasjon om dette i løpet av neste veke anten direkte til den einskilde tilsette eller via leiar. Frå 2. desember vil brukarstøtta i Flora bli handtert av Nordfjordnett.

Solbakken asylmottak kvalifisert for ny anbodsrunde

I næraste framtid blir det lyst ut anbod på 5-7 asylmottak i heile landet, og tildeling vil skje i starten av desember. Berre driftsoperatørar med rammeavtale kan delta og der er vi med vårt mottak på Solbakken i Florø. Eg håper verkeleg at vi treff blink med det vi ønskjer å få til her. Lykke til med anbodsarbeidet!

God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!