Ungdomens kommunestyre
Vi er seint ute med å få på plass kommunestyre for ungdomen. Seint i høve det ordinære kommunestyre, ikkje nødvendigvis i høve dei andre kommunane rundt om. I dag har det gått ut eit brev til ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i den nye kommunen om å gjennomføre val til det politiske organet. Ungdomens kommunestyre skal ha 21 representantar og skal veljast frå heile kommunen. Ungdom som er eller blir 13 til 19 år i valåret, og som er busette i kommunen, kan veljast.
Valet skal gjennomførast kvart annan år, og skal vere same året som det vert gjennomført kommunestyre- og fylkestingsval- og stortingsval. Tal representantar skal fordelast slik:
- Flora vidaregande skule 6
- Måløy vidaregåande skule 5
- Flora ungdomsskule 4
- Vågsøy ungdomsskule 4
- Eikefjord skule 2
Amila Adzemovic frå Vågsøy og Dina Bovim frå Flora vil kome rundt på skulane og orientere elevane om det komande valet. Det er korte fristar for å få gjennomført valet i 2019, og Amila og Dina skal vere ferdig med sin informasjon til skulane innan 01.11.2019. Frist for å melde seg til val er 06.11.2019, og frist for skulane å ha gjennomført valet er innan 15.11.2019. Kan hende målgruppa for dei som skal veljast til dette kommunestyre, ikkje er dei som les fredagsbrevet, men då kan kanskje vi andre motivere dei til å stille til val og såleis vere med på å påverke korleis alle vil ha det i Kinn. Noko av det viktigaste vi som vaksne kan gjere - er å sørge for at demokratiet vert tanka opp.
Kinn sentral i nytt innkjøpssamarbeid
Eg har tidlegare skrive om at Kinn vart utfordra til å leie eit prosjektarbeid om felles innkjøpsordning for kommunane i Sogn og Fjordane. Gruppa er ferdig med arbeidet og saka har vore handsama i KS sitt fylkesstyre. Dei vedtok å spørje Kinn kommune om ta ansvaret som vertskommune for ei ny innkjøpsordning. Det er positivt, og Kinn kommune vil ha kapasitet og kompetanse til ei slik oppgåve. Før dei andre kommunane kan ta stilling til om dei vil vere med må Kinn ta stilling til om dei vil vere vertskommune. Det gjorde formannskapet på onsdag, og kommunestyre vil få saka til handsaming i 6. november. Eg både trur og håper dei andre kommunane i fylket sluttar seg til ordninga.
Støtte til film om Stad skipstunnel
I siste formannskapsmøte vart det også vedtatt å støtte skipstunnelprosjektet med 80 000 kroner. Føremålet er å lage ein film som skal nyttast til informasjon generelt, og overfor ulike avgjerdsmynde spesielt. Vi har alle ei felles forståing av kor viktig dette prosjektet er for ei utvikling av kystområda våre, og så lenge tunnellen ikkje var inne med midlar i statsbudsjettet, vil det vere viktig å gjere det som skal til for ei realisering. Formannskapet var i alle fall ikkje i tvil, dei vedtok samrøystes å innvilge søknaden. Lykke til med arbeidet!
Streaming av formannskapsmøta
Eg har fått ein del spørsmål om kvifor ikkje formannskapsmøta vert streama. Det tørre og formelle svaret er; fordi det ikkje vedtatt å streame dei. Enkelte folkevalde har også tatt det opp, seinast i siste møte. Vi vil difor legge opp til at frå og med neste møte så vil også formannskapa sine møte bli sendt på nettet – og difor kjem det eiga sak til kommunestyret om det.
Frukostmøte Måløy Vekst og seinare oppfølgingsmøte med næringslivet
På måndag skal det vere frukostmøte i Måløy Vekst på Raudeberg. Kinnprosjektet vil vere representert med ordførar som vil seie meir om kva Kinn eigentleg vil bli. Heidi Dyrøy, Kinn kommune sin nye plansjef, vil orientere om korleis vi kan få eit best mogeleg samarbeid mellom næringsliv i plan- og byggesaker. Men, vi ønskjer å oppnå meir på dette feltet alt no. Difor vil planavdelinga i Kinn og Måløy Vekst følgje opp med eit eige møte med næringslivet i Vågsøy for å snakke om gjensidige forventingar.
Dette møte finne stad 5. desember i kantina til Fjord Shipping, kl. 1300-1530. Eigen invitasjon vert sendt ut seinare og eg håper verkeleg at oppmøte vil spegle ei forståing av at det er gjennom eit godt samarbeid vi kan utvikle den nye kommunen. Tilsvarande møte vil bli arrangert i Florø tidleg i det nye året.
God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!