All post gjennom eitt postkontor

Vi har tidlegare bestemt at Kinn kommune skal ha eitt postmottak, dokumentsenter i Måløy. Sentralbord i Florø. Eg har fått fleire spørsmål og innspel som handlar om unntak frå at post til enkelte avdelingar skal gå via fellesmottaket. Eg forstår argumentasjonen som er kopla til at det gjeld sensitiv informasjon. Forstår det, fordi vi har hatt ulik praksis, Måløy og Florø. For framtida skal den vere lik.

Kinn skal ha eit moderne og profesjonelt dokumentsenter, der dyktige tilsette veit korleis dei skal handsame ulike meldingar. Eit senter som veit og har rutinar for å handtere slik informasjon. Kinn har ingen føresetnad for å ha doble funksjonar, korkje økonomisk eller organisatorisk. Kinn kommune har éi dør, enten den er digital eller fysisk. Den digitale gjennom eitt felles postmottak. Den fysiske til tenestetorga i Florø og Måløy.

Val av ressursstyringssystem

Tieto er vald som nytt felles ressursstyringssystem i Kinn. Det samsvarer med arbeidsgruppa si tilråding. I prosessen kom det fram at vi stod overfor to system som begge kunne veljast. Vågsøy nyttar Tieto i dag. Flora nyttar eit anna. Når Tieto no er vald, vil vi snarast starte arbeidet med å organisere innføringa som eit eige prosjekt. Takk til alle som har vore med i arbeids- og prosjektgrupper så langt.

Informasjonsplan for Kinn

I siste møte i den administrative styringsgruppa (ASG) bestemte vi å starte opp arbeidet med ein informasjonsplan for den nye kommunen. Vi må ha eit forutsigbart system som seier noko om korleis vi skal gjere gjere ulike meldingar, avgjerlser, vedtak og liknande kjend for dei det gjeld. I dei fleste tilfella; innbyggarane. Dette gjeld både administrative avgjerder så vel som politiske. Informasjonsavdelinga vil difor utarbeide ein disposisjon for ein informasjonsplan som vi skal handsame i neste ASG.

Status i budsjettarbeidet

I tre dagar har rådmannsgruppa vore samla om budsjettet for neste år. Det blir krevjande. Det mest krevjande eg har vore med på som rådmann. Vi skal legge fram eit utkast til formannskapet 6. november. Alt no ser vi at kommunereforma har ei klar negativ side ved seg. Statsbudsjettet som kom 7. oktober viser at Kinn ikkje lenger får Sør-Norgetilskot, eit tilskot som Vågsøy har fått sidan 2009. Kinn får kompensert 1,5 millionar kroner av tapet over inndelingstilskotet, men resterande tap på 6,2 millionar kroner får ikkje Kinn i 2020. Grensejustering av Bryggja medfører eit inntektstap for Kinn på 31 millionar kr. Vi har identifisert ein tilhøyrande reduksjon i utgiftene på 15 millionar kr.

Det betyr at Kinn tapar netto 16 millionar kr. på grensejusteringa. I sum utgjer dette 22,2 millionar kr., som er ei betydeleg utfordring når vi no skal lande budsjettet for 2020. Eg ønskjer alt no å signalisere at vi får store utfordringar med å finansiere dagens nivå på drifta. Ergo; vi ser ikkje rom for styrking av nokre delar av drifta neste år. Investeringane skal monaleg ned. Dei nye reglane for avdragsbetaling gjer til at den delen av kapitalkostnadane aukar mykje. Vi blir pålagt å betale meir i avdrag enn kva vi måtte tidlegare. I sum betyr dette reduksjon i drift og investeringar.

Plikta kommunelova pålegg meg er å legge fram eit utkast til budsjett som er forsvarleg. I budsjettsamanheng vert ofte realisme kopla til rådmannen si plikt. Der går også mi lojalitetsline.

Nettverk av samanslåingskommunar?

Eg ser at fleire av samanslåingskommunane opplever at økonomien vert noko anna enn det som vart førespegla i forkant av vedtak om fusjonering. Isolert sett meiner eg kommunesamanslåing er rett, men det byggjer på ein føresetnad om at det skal løne seg. Ingen samanslegne kommunar kan leve av gode

eingangsstønader. Det er heller ikkje slik at vi kan ta ut gevinstar frå første driftsveka i januar 2020. Når både fylke og kommunar som slår seg saman må starte arbeidet med å ta ned budsjetta sine, opplever vi det som motstykke til det som skulle bli fordelen av å bli større organisasjonar. Ut frå dette spør eg meg sjølv om det kan vere ein grei strategi å gå saman med andre kommunar for å fronte det urimelege overfor styresmaktene.

God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!