Permisjonar

I førre fredagsbrev var eg inne på at ingen kan rekne med å få permisjon frå Kinn kommune for å gå over i ei anna stilling utanfor kommunen. Slik blir det. Det har kome spørsmål om dette gjeld i tilfelle der kommunal verksemd vert lagt ned, eller innstilt for ein periode. Til dømes blir badeanlegget Havhesten i Florø stengd medan bygningsmassen vert vedlikehalden og oppgradert. Dei tilsette må inn i andre stillingar i kommunen, eller utanfor. I slike tilfelle gjeld sjølvsagt ikkje praksisen ovanfor. I dei tilfelle der arbeidssituasjonen din vert endra som følgje av tiltak frå arbeidsgjevar, vil ikkje regelen gjelde. Ingen tilsette vil misse rettar som følgje av det arbeidsgjevar set i verk.

Statsbudsjettet

I det siste har eg vore inne på at vi saknar gulerøtene som samanslåingskommunane skulle få. Eg var spent på statsbudsjettet og om det kom noko der. Det gjorde det ikkje. Fleire av ordførarane og rådmennene i kommunar som slår seg saman reagerer på det. Eg veit positivt at dette gjeld Sunnfjord, Sogndal og oss. I Hordaland gir også Nye Bjørnafjorden uttrykk for det same.

Eg blir rett og slett skuffa, på alle sine vegner, når det kommunale inntektssystemet ikkje speglar dei politiske lovnadane om gulrøtene vi vart førespegla. At Kinn får ein stram økonomi er sikkert. At vi ikkje får hjelp gjennom dei statlege overføringane er like sikkert. Då sit vi att med det usikre; korleis skal vi løyse det? Svaret ligg sjølvsagt i det budsjettet som vi skal legge fram om nokre veker, og som dei folkevalde i Kinn skal ta stilling til 11. desember. I neste veke skal rådmannsgruppa ha ei økt med budsjettet over tre dagar. Der vert det administrative grunnlaget vidareført ut frå det tenesteområda har meldt. Deretter går det slag i slag, fram til kommunestyret si endelege handsaming. Det blir hardt arbeid. Eg ser politikarar på nasjonalt plan viser til at fylkesmennene skal sitte på skjønsmidlar som vi kan søke om.

Fylkesmannen i Vestland har 163 millionar kroner til dette føremålet. Gjennom statsbudsjettet er 136 millionar av dei alt fordelt. Då er det i overkant av 36 millionar igjen. Desse kronene skal fylkesmannen fordele mellom to ulike kategoriar; fornyingsmidlar og søknader frå kommunane. I nye Vestland vil det bli 43 kommunar. Vi treng ikkje kalkulator til det reknestykket. Vi skal gjere jobben, men det hadde vore betre å ta fatt på arbeidet når dei som inviterer deg inn, hadde hatt noko å by på.

Norfjordnett

Arbeidet saman med Norfjordnett går framover. Fire av dei tilsette i Flora skal over i organisasjonen til Norfjordnett. Eg har fått tilbakemeldingar på at prosessen går etter planane, og dei det gjeld har blitt tatt godt i mot i den nye organisasjonen. Det set vi pris på. I Kinn vil vi også ha eigne ressursar på IT. Det har Vågsøy hatt så lenge dei har vore med i samarbeidet.

Brev til tilsette

Dei fleste skal no ha fått brev om at arbeidsforholdet vert overført og vidareført i Kinn kommune. Nokre har kontakta meg om formelle feil i brevet. Det er nok ikkje til å unngå når vi skal ut med slike meldingar til 1600 personar. Openberre feil skal vi sjølvsagt rette opp i. Meiner du det er feil det i brevet du har fått, skal du ta det opp tenesteveg med næraste overordna, som tek det vidare med personalavdelinga.

Frå prosjekt til Kinn

Vi har fått nokre innspel som handlar om at fleire meiner at tida no går med til Kinn-arbeid og at den vanlege jobben såleis vert utfordra. Eg kan stadfeste det. Di nærare vi kjem nyåret di meir vil du arbeide med Kinn – og slik må det vere. Budsjettarbeidet er berre byrjinga på denne overgangen.

Vi er heilt avhengige av at tilsette førebur Kinn som organisasjon og difor vil du oppleve at dette kan gå ut over andre oppgåver. Men, vi skal framleis ha ei forsvarleg og god drift i både Flora og Vågsøy, men arbeidet sin art vil nok meir og meir handle om å slukke lysa. Vi merkar dette i prosjektorganisasjonen også. Vi ser at det vi no held på med handlar om sjølve Kinn kommune og ikkje så mykje prosjektrelatert som tidlegare. Eg trur dette er eit godt teikn og at vi såleis er betre budd når nyårsrakettane vert sendt opp.

God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!