Korleis markere overgangen?

Kinn kommune er på plass ved overgangen til nytt år. Kva med dei to kommunane som går no inn i historiebøkene? Vi bør vel ha ei markering når vi avsluttar Flora og Vågsøy? Vi drøfta dette i den administrative styringsgruppa tidlegare i veka. Rådmennene og ordførarar i dei respektive kommunane arbeider vidare saka. Å stenge ned ein kommune bør markerast overfor innbyggarar, folkevalde og tilsette. Det treng ikkje å koste så mykje. Vi skuldar begge kommunane ei verdig avslutting.

Arbeidsdeling mellom kommunestyra

No når Kinn kommunestyre er på plass kan ikkje Vågsøy kommunestyre og Flora bystyre gjere vedtak som forpliktar Kinn. Eg såg i kommunestyret i Vågsøy i går at det heldt på å skje. Vi fekk snakka om det og ordføraren losa sakene gjennom slik inndelingslova legg opp til. Eg har sendt eit notat til begge kommunane om saka. 

Budsjettarbeidet

Denne veka hadde vi møte med alle tenesteområda om budsjettarbeidet. Dei melder tilbake om til dels store utfordringar. Helse og velferd og barnehagane peikar seg spesielt ut. Eg ser også at vi i løpet av våren må få på plass nokre viktige avklaringar. Vi klarar ikkje å ta stilling til alt no i denne budsjettrunden. Vi må blant anna prioritere arbeidet med ein ressursfordelingsmodell innanfor oppvekstsektoren. Eg trur det vil gjere budsjettarbeidet lettare for alle.

Så er eg sjølvsagt spent på det som skjer førstkomande måndag; statsbudsjettet. Vil staten gjennom budsjettet vise at det lønar seg å gå saman med andre kommunar? Eg meiner vi framleis sit att med store økonomiske utfordringar. Noko av det har vi stelt i stand sjølve, men likevel; kvar vart det av gulerøtene? Eg vil uansett takke tenestene for godt budsjettarbeid så langt, men som de alle veit – vi er ikkje i mål. Her er datoane som gjeld framover:

  • 7 okt, statsbudsjettet
  • 14 okt, frist for tenestene
  • 6 nov, rådmannen sitt budsjettutkast
  • 21 nov, formannskapet sitt framlegg
  • 2 veker ute på offentleg høyring
  • 11 des kommunestyre fastset budsjettet

Alle tener på gode innkjøp

I samband med budsjettarbeidet ser vi at Kinn kan spare store summar på kjøp av medisinsk forbruksmateriell. Eg vil rose innkjøpsavdelinga for inngåinga av nye og betre avtalar. Avtalen tok til å gjelde i år og samla sett kan vi i 2020 bruke 1,5 millionar kroner mindre til føremålet. Då kjem Vågsøy-delen i tillegg. Når vi veit at vi i tida som kjem får fleire brukarar og gjerne enda meir hjelpetrengande, er gode innkjøpsavtalar gull verdt for oss. Godt jobba!

Første formannskap i Kinn kommune

Tysdag i neste veke er det møte i Kinn formannskap. Etter samtale med ordføraren vert det lagt opp til at dei drøftar arbeidsform og møtefrekvens framover. Formannskapet vert eit viktig politisk organ i Kinn og vil legge mange av føresetnadane for dei andre politiske organa si verksemd. Av vedtakssaker kjem det tre frå Vågsøy kommunestyre. Det heng saman med det som eg skreiv ovanfor om arbeidsdelinga mellom dei avtroppande kommunestyra og Kinn sitt. Dei tre sakene som kjem frå Vågsøy:

  • Midlar til oppgradering av Hendanes fyr
  • Organisasjonsform for Nordfjordbadet
  • Måløyraidsenteret, økonomisk stønad

Ingen permisjon for tilsette som tiltrer stilling utenfor kommunen

Eg har avslått ein søknad om permisjon for overgang til stilling utanfor kommunen. For den som har arbeidd i nærare 20 år i organisasjonen kan dette opplevast negativt og lite venleg. Det forstår eg, men omstillingsavtalen er klar. Med tanke på overtallige og ut frå det faktum at vi vil få monalege økonomiske utfordringar, er det behov for ein streng praksis. Så bodskapen er; ingen kan rekne med permisjon for å tiltre ei stilling utanfor Kinn kommune.

Neste veke

Måndag kjem statsbudsjettet og veka går med til vidare budsjettarbeid - for dei som ikkje har haustferie, då.

God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!