Sentralbord i Kinn

Det er tidlegare bestemt at sentralbordet skal ligge i Florø, dokumentsenteret i Måløy. I administrativ styringsgruppe på måndag bestemte vi at det daglege sentralbordet skal ligge i den skyløysinga som Flora nyttar i dag. Som sikring skal vi oppgradere sentralbordet i Måløy slik at det kan overta ved straumstans, krise og i beredskap. Det vil vere stabsleiar for informasjon og service; Linda Myre Larsen som vil ha det daglege ansvaret for drifta av sentralbordet. Stabsleiar for fag og utvikling, Anders Moen, skal ha ansvaret for den tekniske drifta. Den må vi løyse i samarbeid med Nordfjordnett.

Frå kommunestyret i Kinn

Onsdag vart ein historisk dag. Kommunestyret hadde sitt første møte der dei valde medlemer til både formannskap og utval. Ola Teigen og Sidsel Kongsvik vart historiske som første ordførar og varaordførar. Leif Magne Gil (Ap) skal leie Oppvekst- og kulturutvalet. Jon Valur Olafsson (Sp) leiar Helse og velferdsutvalet og leiar for Plan- og samfunnsutvalet vart Odd Bovim (MDG). Bjørn Hollevik (H) held fram som leiar av Kontrollutvalet og Anders Ola Sunnarvik (Ap) skal styre det partsamansette Administrasjonsutvalet.  Her vart det også bestemt i saka om politisk organisering at dei tillitsvalde vil få fire representantar – slik dei kom med innspel om tidlegare i prosessen.

Eg opplevde eit møte som var godt førebudd der partia hadde vorten samde om det meste på førehand. Etter innkallinga skulle vi vere ferdig slik at vi kunne nå nordgåande båt litt før åtte. Det gjekk ikkje. Det vart taxibåt nærare ein time seinare.

I dag har Firdaposten ein leiar under overskrifta Kast anker, her kjem Kinn som varslar om at dette blir dei folkevalde sin kvardag. Eg trur avisa har rett. Både at vi vil bruke sjøvegen meir og at det blir ein krevjande budsjetthaust. Då blir betre og fleire båtruter mellom byane avgjerande for å lime oss i hop. Og det er vel det som er motivasjonen for sjølve Kinn?

Kva med nye regionråd?

Tidlegare har eg skrive om kystrådet som eit regionråd. Rådet vart etablert som del av fylkeskommunen si strategiske satsing på kysten. Vi og dei andre kystkommunane i fylket er med der. Vi får eit nytt Vestland fylke. Vår del av det nye fylke får færre kommunar. Kva betyr dette for samarbeidet mellom kommunane? Korleis får vi på plass dei faglege nettverka? Korleis blir dei politiske samarbeida etter ny inndeling. Korleis organiserer KS seg? Kva med den nye fylkeskommunen si rolle, og ikkje minst kva gjer Fylkesmannen?

Spørsmåla er også ei stadfesting på at alt eigentleg er i rørsle. Politiske og administrative leiarar prøver å finne ein utveg. Det har også vore møter mellom med regionråda i Nye Vestland, men det kom ikkje signal om retning. Eg trur hausten og vinteren som kjem vil bli prega av utspel som utfordrar etablerte samarbeid. Eit døme; på vegner av Kinn har eg sagt at vi skal bli ein del av det faglege nettverket i Nordfjord (eg er på møte om det i dag), men vil vi gje slepp på det gode samarbeidet vi har hatt med kommunal-sjefane og fagleiarar i det som no blir Sunnfjord kommune. Eg trur ikkje det.

Onsdag møtte eg i Koordineringsrådet for Helse Førde. Korleis blir det samarbeidet i framtida, og kva betyr det for inngåtte samarbeidsavtalar mellom sjukehuset og kommunane? Det er på ingen måte meininga å forvirre med alle desse spørsmåla, men meir eit uttrykk for dei tilhøva vi må ta stilling til i tida som kjem. Framtidig regionssamarbeid var også tema i møte med dei andre rådmennene i Nordfjord i dag. Eg vil kome tilbake til temaet seinare.

Gloppen slo oss på målstreken

I førre fredagsbrev påstod eg at vi var først ute i kongeriket med å konstituere det nye kommunestyret. Fakta er at Gloppen kommunestyre hadde møte same dag. Dei byrja møtet sitt klokka 9 om morgonen.

Neste veke

Onsdag er det møte i den administrative styringsgruppa i Florø. Torsdag startar vi budsjettmøta med dei ulike tenesteområda. Først ut er Samfunn, kultur og miljø. Så går det slag i slag med budsjettarbeid resten av veka.

God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!