Solid gjennomføring av valet
Å gjennomføre eit val kan høyrest trivielt ut. For dei som har ansvar for og er med på gjennomføringa er det noko heilt anna. Eg vil takke alle som deltok i gjennomføringa av valet. Kinn leverte i samsvar med planen. Både den tekniske gjennomføringa og innmeldinga til sentrale ledd, gjekk slik det skulle. Val er nattarbeid for mange. Slik vart det også denne gangen, men vi kom i mål slik at valstyret kunne skrive under møteboka klokka fem tysdag ettermiddag. I administrasjonen var Linda Larsen ansvarleg på vegner av rådmannen og ho hadde med seg ei rekke flinke medarbeidarar. Takk til alle for ei god gjennomføring av det første valet i Kinn-regi.
Compilo
I går vart det gjennomført eit møte med Compilo som tema. Det var deltakarar frå sektorane og stabane, både frå Vågsøy og Flora. Compilo er eit program som skal sikre kvalitet i utøvinga av rutinane i kommunen vår. Dersom det skjer avvik i høve rutinane skal systemet også nyttast for å melde det.
Meldinga skal så på ein lettvint måte ende hjå den som har ansvaret for rutinane. Dersom det ikkje blir retta på rutinane eller gjort andre tiltak, vil meldinga gå vidare opp i systemet, om naudsynt til rådmannen. Å innføre programmet i heile kommunen vil bli krevjande, men naudsynt. Det vil skje som eit 6 månaders prosjekt med Controller som prosjektleiar og assisterande rådmann som prosjektansvarleg. Prosjektet vil involvere alle i organisasjonen og det vil starte i oktober.
Sjå opptak av leiarsamlinga
Alle leiarane i Kinn var samla i Kalvåg den 29. og 30. august. Opptak frå samlinga der du mellom anna får informasjon om dei ulike tenesteområda og økonomiarbeid i Kinn finn du på www.kinn.kommunetv.no.
Budsjettarbeidet er i gang
Etter leiarsamlinga i Kalvåg fekk alle leiarane i oppdrag å starte arbeidet med budsjettet for neste år. Det kjem i tillegg til den ordinære drifta du er ansvarleg for i dag. Både drifts, økonomisk og når det gjeld rapportering. Eg ser at dette er krevjande. Tidsfristane er stramme og det er mykje arbeid som skal gjerast. Om ikkje det var nok; mykje av grunnlaget for budsjettet, treng avklaring. Alt frå organisatorisk plassering, lønsopplysningar, deling og overføring mellom ulike tenester etter nye ansvarsområde, er med på å gjere arbeidet meir innfløkt. Så skal rammene vere der. Mykje av dette er ikkje på plass. Eg vil likevel streke under at også stabane og ikkje minst økonomiavdelinga prioriterer dette arbeidet no. Det vert arbeidd både natt og dag for å få på plass premiss og føresetnader for budsjettarbeidet. Eg ser at dette er i utfordring for alle og er takknemleg for det grundige arbeidet som no blir gjort i heile organisasjonen.
Ein overordna viktig faktor er statsbudsjettet som vert lagt fram måndag 7 oktober. Der vil vi sjå kva inntekter vi kan ta inn i budsjettet for neste år. Eg trur likevel det vil vere på sin plass å minne oss om at å få neste års budsjett til å gå i hop, vert ei tøff oppgåve. Både Flora og Vågsøy driv 2019 med bruk av inntekter vi ikkje kan rekne med i 2020. Skal vi halde det same driftsnivået som desse inntektene gjer mogeleg, må vi altså finne inntektene ein annan stad, eller redusere verksemda slik at det er samsvar mellom desse to variablane; drift og inntekt. Hugs; dette har ikkje noko med kommunesamanslåinga å gjere. Det er dei to kommunane i dag som har tillatt ei drift vi manglar pengar til å finansiere. Då blir summen av det kommunane har gjort kvar for seg - ei samla utfordring for Kinn. I administrasjonen skal vi gjere vårt beste for å lage eit godt utkast til dei folkevalde sitt arbeid.
Anders Moen tiltrer Administrativ styringsgruppe
I samband med at Moen er tilsett som leiar for Fag og utviklingsavdelinga vil han no gå inn i den administrative styringsgruppa.
Neste veke
Veka startar med møte i den administrative styringsgruppa. Det finn stad i Måløy. Tysdag deltek eg i eit felles rådmannsutvalsmøte (Hordaland og Sogn og Fjordane) i Bergen. Onsdag og torsdag skal vi blant anna førebu konstitueringa av det nye bystyret. Fredag har vi møte om felles innføring av Office 365.
God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!