Plansjef og beredskapsrådgjevar er tilsett

Heidi Dyrøy er tilsett som plansjef i Kinn kommune.  Ho arbeider i dag som fagleiar i planavdelinga i Flora kommune.  Ho har også vore arealplanleggar hos Ivest Consult, Florø i tre år. 

Jon Even Kvalheim Myre er tilsett som rådgjevar beredskap i staben til rådmannen.  Jon Even arbeider i dag i serviceavdelinga i Vågsøy og i prosjektorganisasjonen i Kinn. 

Eg gratulerer begge med tilsettingane og ser fram til å samarbeide med alle i Kinn kommune.

Vidare arbeid med båtrutene

Måndag føremiddag hadde eg saman med rådmannen i Vågsøy og plansjefen i Flora møte med fylkeskommunen om arbeidet med ny anbodsrunde på lokale og regionale båtruter.  Eg vil både rose og kjefte.  Samferdsleavdelinga skal ha ros for den måten dei inviterer til innspel og deltaking i det førebuande arbeidet til det som skal leie til ei ny anbodsrunde.  Det er lett for oss å få dei i tale, og vi får høve til å streke under det som er viktig for oss i ein ny anbodsperiode. 

Vi opplever vel likevel, så langt - at  vi har ei ulik forståing av kva fylkestinget faktisk har vedtatt.  Opplegget vi ser no, legg ikkje opp til at det vert lettare å pendle mellom kystbyane og til og frå Selje, slik vi meiner vedtaket legg føringar om.  Dette gjeld spesielt frekvensen på rutene og omfanget av materiellet som skal gå rutene.  Det betyr at vi må arbeide enda meir med innspela våre og sjølvsagt syte for at dei folkevalde er kjend med premissane som vert lagt til grunn for dei nye anboda.  Vi arbeider med saka.

Gratulerer Fjord Base!

Onsdagsmorgonen fekk eg ei oppdatering på noko av det som skjer på næringslivssida i Vågsøy.  Når eg samstundes tenker på det som skjer i Flora, meiner eg vi er heldige som har eit næringsliv som satsar.  Det gjeld Mowi sitt banebrytande arbeid på digitalisering og automatisering i oppdrettsektoren.  Det gjeld prosjektet Måløy Ocean Hub og MMR Ocean Blue.  Sjå det i tillegg til  det Firdaposten skriv om lansering av ny hydrogenbåt, og ikkje minst at Equinor skriv ny avtale om drift og utviding av fasilitetane på Fjord Base, for femten år.  Flott og gratulerer, Fjord Base! 

Takk til Fellesnemnda (FN)!

FN hadde sitt siste møte onsdag denne veka.  Vedtaka om kommunevåpen og bystyre eller kommunestyre har ikkje lenger noko nyhendeverdi.  Vi kjenner til dei; Baugen og bystyret.  Eg vil takke FN for samarbeidet vi har hatt.  De har gjort vedtak i mange saker.  Det meste har gått greit, men de har også hatt utfordringar som eit kollegialt politisk organ.  Det har også vore krevjande for meg, men har ikkje tenkt å bruke fleire tastar på det.  De har gjort jobben dykkar og vel så det.  På mange område ligg vi langt framme.  Det nye bystyret får ei rekke klare tilrådingar til handsaming.  Arbeidet i nemnda og dei ulike arbeidsgruppene har lagt grunnlaget for det.  Då skal de vite at overgangen og konstitueringa av Kinn bystyre bør gå lettare enn om dei førebuingane ikkje var gjort.  Takk for jobben!

Godt val!

Måndag er det endeleg val.  Tysdag veit vi partifordelinga og kven som vert medlemer i det nye bystyret.  Det første ordinære bystyre vert 25 september i Florø. Då skal dei 39 nye representantane velje ordførar, formannskap, medlemer til dei faste utvala og andre råd og nemnder.  Eg ser fram til å samarbeide med alle nye folkevalde i Kinn og håper alle vil arbeide målretta med utvikling av den nye kommunen.  Etter to år som prosjektrådmann ser eg fram til å gå frå prosjektmodus til ordinær drift og få vere med å styre ny-kommunen.  Det er i alle fall ein ting eg føler meg trygg på; dei folkevalde og dei politiske organa i Kinn vil få ein administrasjon som vil gjere sitt beste, også for den politiske verksemda.  Godt val!

Media si interesse for røystefrakta

Måndagen vil eg vere i Måløy.  Og eg vil saman med varaordføraren i Vågsøy frakte røystene med båt til Florø.  NRK, fleire riksaviser, magasin og  lokalmedia vil vere med på turen.  Det går greitt, men for oss er det vel heilt naturleg å bruke sjøvegen til dette føremålet også.  I Flora har røystene blitt frakta inn til Florø med båt sidan 1964!

God helg, godt val  – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!