Den store intervjuveka
Dette har vore den store intervjuveka. Kandidatar til mange ulike leiarstillingar under kommunalsjefane har meldt sine interesser, også til stillinga som kommunalsjef for innovasjon og utvikling. Nokre intervju skjer med grunnlag i avklaringssamtalar. Andre etter intern og/eller ekstern utlysing. Det er stort sett dei ansvarlege kommunalsjefane som saman med tillitsvalde og Skagerak Consulting som har gjennomført intervjua. No er det tid for vurderingar og seinare tilrådingar og til slutt vedtak om tilsetting. Vi reknar med at dei fleste av desse stillingane er avklart innan 14 dagar. Vi får vente i spenning.
Næringslivet i Kinn samla i Florø
I dag var næringslivet i Nye Kinn samla i Florø. Målet med møte var å kome med innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Over 50 representantar møtte. Etter ei innleiing av ordførar Ola Teigen var det innspel frå Måløy Vekst og Aksello, kommunane sine næringsselskap. Teigen var blant anna inne på at ein kommune som har ein eigen kommunalsjef for innovasjon og utvikling og såleis prioriterer ei kopling mellom kommunen, utdanningsinstitusjonane og næringslivet – viser kva ein vil innan dette feltet. Ein av kandidatane som var til intervju denne veka sa det slik; kanskje Kinn kommune i seg sjølv er det største innovasjonsprosjektet.
Jan Flølo frå PwC gjekk gjennom ein næringsanalyse for Kinn. Kinn vil ha ein folketalsauke på 2 % i tida fram til 2040 i følgje Statistisk sentralbyrå. Vi får ei auke på 56 % i aldersgruppa 70-79 år. Det betyr færre i arbeid. Ei utfordring heile landet vil oppleve. I dag har Vågsøy ca. 3000 arbeidsplassar. Flora har 5400 arbeidsplassar. Vågsøy må ha arbeidarar på innreise. Flora sender arbeidarar ut av kommunen. I dag har vi ein varehandel på over 13 milliardar kroner. Mest kjøp og sal av fisk. Her er Coast Seafood i særklasse størst. Du kan sjå meir om gjennomgangen til PwC enten i form av video, eller lysarka som er lagt på heimesida til Kinn.
Den store utfordringa blir å sjå Kinn si rolle i framtida. Mykje er i endring; klima og folketalsvekst globalt, auke tal eldre, folk vil bu meir sentralt og vi står overfor eit økonomisk maktskifte. Det er godt å vite at verda vil trenge dei produkta som blir produsert av næringslivet i Kinn. Korleis skal vi rigge oss? Vurderingane kring dette må samstundes sjå på korleis vi skal møte utfordringane i form av at vi får færre arbeidstakarar, større rekrutteringsbehov, utbygging av infrastruktur og ikkje minst tilgang på kapital til å investere i verksemdene. Måløy Vekst og Aksello presenterte seg og sine satsingsområde. Dei vil halde fram som to selskap, men samarbeide og dele arbeidet mellom seg der det er føremålstenleg.
Resten av samlinga gjekk med til å kome med innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel. Gode punkt. Prosjektorganisasjonen vil arbeide vidare med desse og til slutt vil Fellesnemnda kome med eiga tilråding.
Flytting av fellesmøte med IT-tilsette
I førebuingsmøte med Nordfjordnett vart vi samde om å flytte fellesmøte for dei tilsette som arbeider med IT frå 15. til 19. mars. Vi vil også ha behov for ytterlegare førebuing, men hovudårsaka ligg at i at ikkje alle kunne stille den første datoen. Det er eit mål at så mange som mogeleg kan delta på slike fellessamlingar.
Forhandlingane med NOMIL har starta
Fellesnemnda bestemte at vi skal forhandle med NOMIL om ei framtidig felles renovasjonsordning i Kinn. Det kan bety at Flora tiltrer Nordfjord -samarbeidet som Vågsøy er del av i dag. Sentrale tema er blant anna tilhøvet til dei tilsette og korleis vi skal få til ei best mogeleg ordning for alle, i grender, sentra og på øyane. Vi skal også ha gode ordningar for fritidsbustader. Tilbakemeldingane frå forhandlingane fortel om både evne og vilje til å kome i mål.
Neste veke
Måndag er det møte i administrativ styringsgruppe. Kjem eigen informasjon i etterkant av møtet. Tysdag og onsdag deltek eg på eit fellesmøte med rådmannsutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det gjer rådmannen i Vågsøy også. Onsdag etter lunsj er det møte i Fellesnemnda. Fleire spennande saker; kva med kommunevåpen, kva interkommunale samarbeid skal vi halde fram med? Torsdag er det frukostmøte i Måløy Vekst. Der skal blant andre påtroppande kommunalsjef Sund orientere om arbeidet med etablering av planavdelinga i Kinn.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!