- Det er viktig for oss at vi no får eit klart inntrykk av informasjonsbehovet til innbyggjarane, slik at vi kan tilpasse informasjonen vi kjem ut med den komande perioden. Undersøkinga vil sette fokus både på kva ein meiner om informasjonen i dag og kva tema ein ynskjer meir informasjon om. Det har blitt sett av midlar til å vere meir proaktive i kommunikasjonsarbeidet i vår, og vi håpar at folk vil sette pris på informasjonen vi kjem ut med framover, fortel prosjektrådmann Terje Heggheim.

SMS med lenkje til undersøking
Til helga går det ut ei kort undersøking på tekstmelding med ei lenkje til undersøkinga. Undersøkinga tar 3 til 4 minutt å svare på.
- Vi brukar kommunen sitt system som gjev oss moglegheita til å sende ut ei tekstmelding til dei fleste av innbyggjarane våre. Vi håper at flest mogleg tar seg tid til å svare. Informasjonen vil bli brukt både til å påverke informasjonen framover og til å måle effekt av arbeidet vi gjer, seier kommunikasjonsansvarlig for Kinn kommune, Henrik Ulriksen. 

Undersøkinga vil også bli promotert i sosiale medier og ligge ute på www.kinn.kommune.no. 
Framover vil det komme meir informasjon frå Kinn både i form av videoar, eit magasin til alle innbyggjarane og anna innhald i aviser og på nett. 

- Vi i Kinn-administrasjonen ynskjer å gje innbyggjarane både i Flora og Vågsøy best mogleg informasjon. Ved å gje innbyggjarane moglegheita til å kome med sine tilbakemeldingar til oss, så tar vi lokaldemokratiet på alvor. Det håpar vi vil bli sett på som positivt, avsluttar prosjektrådmann Terje Heggheim.