Formannskapet har i dag lagt ut sitt framlegg til vedtak for økonomiplan og handlingsprogram 2020-2023 for Kinn kommune på høyring. Saka skal endeleg handsamast i Kinn kommunestyre 11. desember 2019. 

Framlegget inneheld mellom anna endringar i prisar, gebyr og avgifter frå og med 1. januar 2020, framlegget til Kinn formannskap kan du sjå i vedlegget nedanfor. I eiga lenke til Framsikt finn du rådmannen sitt opphavlege utkast som i dag vart handsama i Kinn formannskap.

Merknadar sendast til: Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, post@vagsoy.kommune.no, eller per post til Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy. Frist for innspel er sett til 10.12.2019.