Prosjektrådmann Terje Heggheim presenterte i orienteringssaka for fellesnemnda i dag notat om skuggebudsjett og gevinstrealisering. Nedanfor kan du lese notatet som vart lagt fram for fellesnemnda. 

Kinn kommune kan få ein mindre reduksjon av inntekter enn tidlegare varsla. Dette grunna at Telemarksforsking sin rapport vart basert på tal frå inntektssystemet i 2017, medan KS sin rapport byggjer på tal for 2018.