Det skal veljast nye råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne for Kinn kommune. Dersom du representerer ein organisasjon for eldre eller funksjonshemma har du rett til å føreslå medlemer i desse råda. Kinn kommune skal vere ein realitet frå og med 01.01.2020. 

Denne e-posten er sendt til organisasjonar og enkeltpersonar som tidlegare har vore medlemar i slike råd. Send gjerne forslag til underteikna, slik at råda kan konstituere seg og kome i gang med dette lovpålagde arbeidet, og vidaresend også til dei du trur dette kan ha interesse for. 

Du treng ikkje vere funksjonshemma sjølv for å sitte i desse råda, men kan til dømes ha pårørande med funksjonshemming av eitt eller anna slag. Råda bør vere breitt samansett, gjerne ved at medlemene har ulik erfaring og  bakgrunn, ulik etnisk bakgrunn eller alder. 

Kinn kommunestyre har bestemt at det kommunale eldrerådet skal ha 5, og det kommunale rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal ha 7 medlemer. I sistnemnde råd er det Kinn kommunestyre som vel leiar og nestleiar. Begge råd konstituerer seg sjølv. Eldrerådet vel leiar og nestleiar sjølve. 

Frist for innsending av forslag til kandidatar vert sett til måndag 13. januar 2020.

Send melding om kandidatar til følgjande adresse: Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller per e-post til post@vagsoy.kommune.no.

Les meir om dei lovpålagde råda her.