Kinn kommune har i media blitt omtala som "Noregs raraste kommune". Det er sant at Flora og Vågsøy ikkje deler kommunegrenser, men vi ser ikkje på dette som ei hindring. Tvert i mot. Med glød i auga ser vi mot framtida og moglegheitene som ligg der. Det krev nytenking og ein stø kurs mot innovasjon. Vi har ein sterk vilje og er stadig søkande mot den neste praksis.
Vi blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17 500 innbyggjarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Økonomifunksjonen vil få om lag 20 årsverk, og dei tilsette i staben vil ha kontorstad/arbeidsstad i både Måløy og Florø. Økonomifunksjonen vil bestå av rekneskap, budsjett, skatt og lønn.
Nye Kinn kommune søker etter:
Rekneskapssjef. Kontorstad Florø.
Arbeidsoppgåver
- leie den daglege drifta av rekneskapsavdelinga
- kommunen sin rekneskapsførar; bidra til at kommunerekneskapen er i tråd med lovverk og prinsipp for god kommunal rekneskapsskikk
- rekneskapsførar for kommunale føretak og Kinn kyrkjelege fellesråd
- bidra til kvalitativ god KOSTRA-rapportering
- periode- og årsavslutning
- konsolidere Kinn kommune sin samla rekneskap i tråd med ny kommunelov
- månadleg avstemming av balanserekneskapen
- bidra til løpande oppfølging av investeringsrekneskapen og VAR-rekneskapen
- bidra til at kommunen har ein effektiv faktureringsfunksjon
- finansforvaltning og likviditetsoppfølging
- ivareta samhandling med kommunen sin bankforbindelse
- sikre saumlaus, kompetent og effektiv samhandling mellom rekneskapsavdelinga og einingane i kommunen
- bidra til at kommunen sine økonomisystem er funksjonelle, og at tilsette i rekneskapsavdelinga og kommunen elles har naudsynt kunnskap og kompetanse
- bidra til å utvikle rutinar og system for økonomistyring, slik at dei som gjer vedtak får tilfredsstillande informasjon om dei økonomiske forhold
- ansvarleg for dokumentasjon av rekneskapsrutiner
- tett samarbeid med budsjettrådgjevar/budsjettleiar, kemner og lønningssjef
- utgreiingar og arbeidsoppgåver etter kommunalsjefen si avgjerd
Kvalifikasjoner
- relevant høgare økonomisk utdanning
- relevant erfaring. Særskild lang erfaring kan vege opp for kravet om høgare økonomisk utdanning
- meget god rekneskapsforståing
- solid IKT-brukarkompetanse
- leiarerfaring, har evne og lyst til å leie og utvikle medarbeidarane
Personlege eigenskaper
- strukturert og nøyaktig
- er vant til å jobbe med klare tidsfristar - og lar deg ikkje stresse av det
- god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
- samarbeidsvillig og utviklingsorientert
- godt humør og positiv innstilling
- sjølvgåande og initiativrik
Som leiar i Kinn må du rekne med å arbeide i heile kommunen sitt geografiske nedslagsfelt uavhengig av kontorstad. Rekneskapssjefen vil rapportere til kommunalsjef for økonomi.
Vi kan tilby:
- ein organisasjon som skal gjennomføre tidenes kompetanseløft
- spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring
- sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
- godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer
- konkurransedyktig løn og god pensjonsordning
Om du har spørsmål eller ønskjer å snakke om stillinga kan du kontakte kommunalsjef for økonomi Linda Mæland Nipen, tlf. 415 30 118, linda.nipen@kinn.kommune.no.
Søknadsfrist 12. april 2019. Elektronisk søknadsskjema finn du via Vågsøy kommune si heimeside.
«Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten.»