Kinn kommune har i media blitt omtala som "Noregs raraste kommune". Det er sant at Flora og Vågsøy ikkje deler kommunegrenser, men vi ser ikkje på dette som ei hindring. Tvert i mot. Med glød i auga ser vi mot framtida og moglegheitene som ligg der. Det krev nytenking og ein stø kurs mot innovasjon. Vi har ein sterk vilje og er stadig søkande mot den neste praksis.
Vi blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Tenesta for plan vil få ansvar for arealplanlegging, byggesak, geodata, landbruk og miljø og vil få ca. 20 årsverk. Dei tilsette i tenesta vil ha arbeidsstad i både Måløy og Florø.
Nye Kinn kommune søker etter:
Plansjef
- Ein leiar som både skal syte for ei god forvaltning innanfor fagområdet og samtidig vere ein pådrivar for utvikling av kommunen. Mellom anna vil plansjefen få eit særskilt ansvar for fylgje opp intensjonsavtalen si målsetting; "prioritere plankapasitet, areal og tilrettelegging for tomter til næring, landbruk og bustadbygging".
- Ansvar for gjennomføring av prosjekt innanfor fagområdet
- Ansvar for økonomisk og administrativ leiing av tenesta
- Plansjef vil inngå i leiargruppa til tenesteområde for samfunn, kultur og miljø. Det blir forventa at du deltek konstruktivt i denne gruppa med spesiell forventning til samarbeid på tvers mellom fag- og ansvarsområder.
- Vere kommunen si "stemme" mot lokalsamfunnet innanfor ansvarsområdet
- Saman med andre leiarar sikre at kommunen arbeider systematisk med utvikling og omstilling for å nå overordna målsettingar
- Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter kommunalsjefen si avgjerd
Du må gjerne ha god kjennskap til datateknologi og digitalisering, men det er viktigare at du kan arbeide med menneske som søker nye måtar å løyse oppgåvene på; neste praksis.
Vi ser etter deg med følgjande kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning, gjerne med leiing i fagkretsen
- Relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
- Evne til å motivere, og få det beste ut av medarbeidarane
- Evne skape gode relasjonar og samarbeid internt i kommunen og mellom kommunen og næringslivet/innbyggjarar
- God forståing for økonomistyring
- Utgreiingserfaring, gjerne med erfaring frå produksjon av saker til politisk nivå
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Utvikling- og resultatorientert
- Analytisk og har gjennomføringsevne
- Lagspelar med fagleg forståing innanfor ansvarsområdet
- Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon
Som leiar i Kinn må du rekne med å arbeide i heile kommunen sitt geografiske nedslagsfelt uavhengig av kvar du har kontorstad.
Vi kan tilby:
- Ein organisasjon som skal gjennomføre tidenes kompetanseløft
- Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring
- Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
- Godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer
- Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar
- Valfri kontorstad; Måløy eller Florø.
Om du har spørsmål eller ønskjer å snakke om stillinga kan du kontakte kommunalsjef Rolf Bjarne Sund, tlf. 917 10 500, e-post rolf.bjarne.sund@kinn.kommune.no.
Søknadsfrist 25. august 2019. Elektronisk søknadsskjema finn du her.
«Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten.»