Sentrale arbeidsområde er:

  • Utgreiingsarbeid og sakkunnig arbeid.
  • Systemretta arbeid i barnehage og skule.
  • Råd og rettleiing til eleven sjølv, føresette, skule og barnehagepersonell.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre instansar, kommunale og eksterne instansar som Statped, Habiliteringstenesta og Barne- og Ungdomspsykiatrien (BUP).

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Utdanning på masternivå, spesialpedagog/pedagog, innan fagvanskar og det psykososiale fagområdet.
  • Sakkunnigheitsarbeid, kartlegging, herunder testkompetanse.
  • Rettleiings-/rådgjevingskompetanse.
  • Undervisningserfaring frå grunnskule er å føretrekke.
  • Engasjement og drivkraft i høve organisasjonsutvikling.
  • Kinn PPT vil ha to kontorplassar, Florø og Måløy. Dei tilsette må rekne med å yte tenester begge stader. Dette vil krevje gode samarbeidsevner og fleksibilitet. Dei nytilsette vil måtte tilpasse seg allereie etablerte rutinar, samstundes vil evne til nytenking og kvalietsutvikling bli verdsett.

Vilkår:

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, god pensjonsordning, eige kompetanselønssystem. Krav om førarkort klasse B, og disponere eigen bil i tenesta.

Anna:

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til tenesteleiar ved no Flora PPT, Haldis Myklebust Førde tlf. 906 21 686, eller kommunalsjef for oppvekst Kinn kommune, Ellen Jåvold tlf. 400 31 715.

Søk stillinga via elektronisk søknadsskjema.