Fellesnemnda har i møte 04. september vedtatt kommuneplanen sin samfunnsdel for Kinn. 
 
Planen er styringsdokumentet som er førande for utviklinga i kommunen vår. Den fastset mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap, og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen er grunnlaget for dei kommunale sektorane sine andre planar og verksemd i kommunen. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vi no bruke i vårt arbeid med budsjett og økonomiplan.