Fleire har reagert på teksten i overskrifta som er eit utdrag frå det siste fredagsbrevet. Avsnittet handlar om kven tilsette, folkevalde og andre skal rette seg til om dei har spørsmål om tilsettingane. Det er i den samanhengen setninga ovanfor vart skriven. Det er fleire setningar i avsnittet, både før og etter. Tatt ut av sin samanheng kan setninga brukast og misbrukast.
I eit lesarinnlegg 30 mars skriv Fredrik W Gulbranson om dette. Han tar setninga til inntekt for refleksjonar om respekt for folk og innbyggarar, at fagforeiningane er ein garanti for kritisk diskusjon. Han held fram med at det er oppsiktsvekkande at eg kan meine dette og at det er feil å kontakte tillitsvalde. Til saman leier dette til ei alvorleg bekymring om korleis vi skal stille oss til det innbyggarane meiner.
Det er mine formuleringar i eit fredagsbrev som fører til desse innspela. Eg meiner sjølvsagt ikkje noko av det som Fredrik hevdar. Eg er opptatt av eit godt samarbeid med dei tilsette og organisasjonane deira. Det spelar som oftast ei vesentleg rolle kva dei meiner. Vegen til tillitsvalde går ikkje gjennom ein prosjektrådmann. I brevet peikar eg på kven som er ansvarleg for tilsettingane som er gjort og kven som er kontaktpunktet i så måte.
Terje Heggheim
prosjektrådmann
Nye Kinn kommune