Send oss forslag!

Vil du levere forslaget ditt digitalt? Send forslaget som vedlegg til kommunevapen@atilaa.no.
Vil du sende det i posten? Send forslaget til:

A til Å Grafisk Design og Media
Postboks 548
6903 Florø

Innspela må ta omsyn til følgjande:

  1. Vi skal ha eit nytt kommunevåpen, uavhengig av dei vi har no
  2. Motivet må vere lett gjenkjenneleg i alle format og flater
  3. Bruk få fargar og enkle motiv
  4. Farge må vere rein og klar, utan nyansar og sjatteringar
  5. Motivet bør fylle skjoldflata godt, utan for mange detaljar
  6. Framstill motivet i rein flateteikning, utan bruk av perspektiv og skygge.

Vilkår for innspelfasen

  • Det blir ikkje gitt individuell tilbakemelding på forslaga
  • Innleverte forslag kan verte utstilt og presentert, til dømes på nett og i sosiale media, utan godtgjering
  • Frist for å kome med innspel er 10. desember 2018
  • Ved tilnærma like framlegg, kan utval skje ved loddtrekking
  • Nye Kinn kommune (Flora og Vågsøy kommunar fram til 1. januar 2020) har rett til å gjere justeringar og tilpassingar på innkomne innspel, om vi vel å gå vidare med innspelet. Justeringar kan også gjerast i designfasen, eller på anna måte som er tenleg for å utforme nytt kommunevåpen
  • Alle rettar til innspel som kjem vert i sin heilskap overdrege til kommunane. Det endelege kommunevåpenet vert den nye kommunen sitt segl, flagg, ordførarkjede og vil inngå i Kinn kommune sitt profilprogram.

Nyttige lenker til inspirasjon og hjelp