Det skjer stadig nye ting i prosessen med etableringa av Kinn kommune. Debattar på ulike nivå og om ulike tema går, prosessar er sett i gong, og fleire og fleire brikker fell på plass. Vi går no inn i 2018 med eit krevjande år bak oss, men også med optimisme på Kinn sine vegner.   
 
Kinn er ei nyskaping, som heller enn å slå ring rundt eksisterande strukturar tek noverande og framtidige løysingar på alvor. Vi tenker nytt for å redusere nedgangen vi ser i både folketal og næringsutvikling. Valet er teke om at vi skal ha ei slagkraftig eining ved kysten. Dette er grunnlaget for det politiske fleirtalet for å byggje ein ny, funksjonell og framtidsretta kystkommune. Vi skal ha stort fokus på vekst i samfunnsutvikling, næringsliv og offentlege arbeidsplassar. Dette vil gje naudsynt inntekt til kommunane.  God økonomi er ein føresetnad for at vi kan gje lokalsamfunna og innbyggjarane god tenestekvalitet og livskvalitet i dag og i framtida. 
 
På same tid som vi skal bevare den sterke bygde- og by-identiteten innbyggjarane har i dag, skal vi saman bygge ein ny Kinn-identitet. Kinn er summen av dei folk, aktivitetar, tenester, bygder og organisasjonar som bur i området i dag.  I dette biletet er det framleis plass til både måløyværingen og floraværingen. Kinn-identiten vil ikkje gjere noko med det.

Kinn engasjerer

Debatten om Kinn har fylt lokalavisene og kaffipausane det siste året. Som observatør av den lokale samfunnsdebatten kan ein kanskje få inntrykk av at Kinn er Noregs minst populære kommunesamanslåing. Overkøyring av lokaldemokratiet og overgrep mot innbyggjarane har i einskilde høve vore dagleg tale. Eit politisk makkverk og eit elite-prosjekt meiner nokre. Underskriftskampanjen for å få folkeavstemming om samanslåing engasjerer framleis. Det er tydeleg at Kinn er noko som grunnleggjande engasjerer mange av innbyggjarane våre. Her må vi som leiarar vise forståing og ta dykk som engasjerte innbyggjarar på alvor, lytte, rådføre oss og saman jobbe for at Kinn kommune skal bli best muleg. Dette gjer vi mellom anna ved å halde informasjonsmøte, og ved å gjennomføre ein prosess med kommuneplan for Kinn kommune som tek dialog og innbyggjarmedverknad på alvor.
 
Kommunesamanslåingar kan vere upopulære prosessar, og har generelt ført til mykje merksemd lokalt i heile landet. I andre kommunar som eksempelvis Ørlandet, Søgne, Berg, Trøgstad og Marnardal har også underskriftskampanjar blitt gjennomført. Folk er redd for å bli sentralisert, for å miste sin identitet og for å miste gode tenester lokalt. I mediedekninga om Kinn er det lite av dei lokale sakene som når dei nasjonale media. Det er nok mange årsaker til det. For Kinn sin del er nok det viktigaste at få bryr seg om kva vi gjer ute på vår vesle kystline. Det er difor Kinn er høgst naudsynt - det er difor Kinn er svaret. Kysten har alltid klart seg sjølv, og det må vi forsette med. 
 
I følgje NRK.no den 22.08.17  har kommunane som har sagt nei til samanslåing, mykje til felles. Dei er små, 73% av dei har synkande folketal og 83% har høgare andel i pensjonsalder enn landsgjennomsnittet. NRK skriv at dei “pregast av forgubbing og fraflytting”. Denne statistikken kunne Flora og Vågsøy ha vore ein del av. Vi valde motsett. 

Utfordringar løyser vi saman

Utgreiingar som er gjort av mellom anna PWC og Telemarksforskning tydeleggjer at kommunane står sterkare saman enn åleine. Desse to kommunane er dei to i regionen som er best innan sine sektorar, og der sjansane for store synergiar er til stades. Kinn blir den sentrale kommunen mellom Bergen og Ålesund, og er eit retningsval for å styrke kysten. 
 
Dei geografiske avstandane i Kinn kommune er sett på som ei hovudutfordring, og det har opplagt sider ved seg som ikkje berre er enkle å handtere. Dette er difor høgt på agendaen i både politiske og administrative prosessar i Kinn. Mellom anna er Fellesnemnda godt i gang med å auke rutebåtfrekvensen mellom Måløy og Florø. Eit viktig prinsipp er at Kinn skal gje innbyggjarane og næringslivet gode tilbod der ein er - anten det er digitalt eller analogt. Det står vi fast ved. 
 
Det er no viktigare enn nokon gong at vi i den politiske og administrative leiinga set ein tydelig kurs for 2018. Vi håpar at tilsette og innbyggjarar vil engasjere seg i å gje innhald til Kinn. I første omgang er det 1600 tilsette som må informerast, engasjerast og gjerast trygge. Vidare har vi alle innbyggjarane og samfunnsaktørane som må ivaretakast i prosessen. Ikkje minst er det viktig å sikre dei innbyggjarane som har størst behov for offentlege tenester, og samstundes gje næringslivet den “driven” ein kraftfull, kompetent og velfungerande kommune kan gje.
 
Vårt mål er at alle innbyggjarar og næringsaktørar  skal sjå fram til å vere med på å bygge Kinn, og at debatten kan gå ifrå å handle om “kvifor Kinn” til ein debatt om “korleis Kinn”. 

Vi er Kinn, og du er Kinn. Vi som folkevalde og tilsette skal bidra med vår del for å byggje Kinn kommune. Tek du utfordringa, du òg?