Kva er dine innspel til utvikling av Kinn kommune?
Kor: Parken kulturhus, Raudeberg.
Tid: Torsdag 19. april kl. 19:00 – 21:30.
Agenda
- Informasjon om Kinn kommune og prosessen med etablering av den nye kommunen
- Arbeid i grupper;
1. Kva forventar du at Kinn skal gjere for deg og ditt nærmiljø?
2. Kva kan du og ditt nærmiljø gjere for utvikling av kommunen?
Fellesnemnda har vedteke at det skal gjennomførast ein prosess for få på plass ein samfunnsplan for Kinn kommune. Første del av dette arbeidet vil vere å gjennomføre folkemøte i grendene i Kinn. Arbeidet med samfunnsplanen har ordførarane fått ansvar for, og begge er til stades på folkemøta.
Samfunnsplanen er Kinn kommune sin overordna plan for kommunen og all anna planlegging ot utvikling i kommunen vil ta utgangspunkt i samfunnsdelen. I dette arbeidet ønskjer vi brei folkeleg involvering, og som ein start på arbeidet vil vi invitere grendene/byane til aktiv deltaking. Vi ønskjer innspel og kva folk meiner er viktig i sitt lokalmiljø og korleis vi skal gjere heile kommunen til ein god stad å leve og bu.