Kinn kommune vil at alle skal kunne drive med idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i eige nærmiljø. Deltaking skal ikkje vere avgrensa på grunn av familieøkonomi, etnisitet, kultur, kjønn eller legning. Kinn kommune skal arbeide aktivt for å legge til rette for utvikling av gode nærmiljø-, idrett- og friluftsanlegg der målet er auka trivsel og fysisk aktivitet for alle.
For å nå desse måla krevjast det god samhandling mellom kommune, eldsjeler, lag og organisasjonar.
Kinn kommune lyser ut 100% fast stilling som rådgjevar for idrett og friluftsliv. Stillinga er organisert under tenesteområde kultur.
Stillinga vert lyst ut internt i Vågsøy kommune og Flora kommune med søknadsfrist 25 august.