Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 09. september, kan du førehandsrøyste i den kommunen i landet som høver best for deg.
Førehandsrøystinga i noverande Flora kommune går føre seg på Informasjon og service, Markegata 51 frå 12. august til og med 06. september i opningstida 09.00 – 15.00.
Hugs legitimasjon!
Utvida opningstid for førehandsrøysting
Følgjande dagar har vi utvida opningstid for førehandsrøysting:
- Laurdag 31. august 10.00 – 14.00
- Torsdag 05. september 09.00 – 18.00
Røystebåt
I veke 36, torsdag 05. september, kjem røystebåten til øyane i Florø. Ruta ser slik ut (med atterhald om endringar):
- Årebrot kai: 09.00 - 10.00
- Barekstad: 10.15 - 11.15
- Batalden: 11.30 - 12.30
- Skorpa: 12.45 - 13.45
- Rognaldsvåg: 14.00 - 15.00
- Askrova: 15.15 - 16.15
- Svanøy: 16.30 - 17.30
Ta med legitimasjon!
Røysting på institusjonar
- Furuhaugane omsorgssenter, 02. september kl. 10.00 - 11.30.
- Havrenesvegen 28 (omsorgsbustader), 02. september, 11.45 - 12.45.
- Flora omsorgssenter, 02. september kl. 13.00 – 14.00.
- Docen I og II, 03. september kl. 10.00 - 14.00.
- Flora vidaregåande skule: 04. september10.00 – 14.00.
Ambulerande røystemottak
Dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan møte opp og røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan du søkje valstyret om å få røyste heime.
Då ringer du valstyret sin sekretær på telefon 57 75 62 09 eller sender skriftleg søknad til:
Flora kommune
Valstyret
Markegata 51
6900 Florø
Eller per e-post til postmottak@flora.kommune.no.
Søknaden må vere valstyret i hende innan torsdag 5. september.