Plan og samfunnsutvalet i Kinn kommune viser til Forvaltningslova § 37 og informerer om at det er utarbeidd forslag til lokal forskrift om tømming av slamanlegg etter forurensingsloven.

Vi viser til Forvaltningslova sine reglar og ber om uttale før forskrifta vert endeleg vedtatt. Forskrifta ligg til gjennomsyn på Kinn kommune, Flora kommune og Vågsøy kommune sine heimesider, og på servicetorga til Flora og Vågsøy kommunar.

Frist for innspel er sett til 19.12.2019 – og sendast til Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, post@vagsoy.kommune.no eller per post til Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.