Til frivillige lag og organisasjonar, ungdommens bystyre i Flora, ungdomsrådet i Vågsøy, eldreråda, alle innbyggarar i nye Kinn kommune, kulturtenestene i Flora og Vågsøy kommunar.
Har du/de gode idear til korleis innbyggarane i Flora og Vågsøy kan bli betre kjende med kvarandre? Vi vil skape positive møteplassar på vegen mot den nye kommunen gjennom 2019, og tar i mot små og store idear med stor takk!
Arbeidsgruppa for felles identitet, kultur og symbol er oppretta av Fellesnemnda og skal kome med forslag til aktivitetar og arrangement som vil styrke opp under det nye fellesskapet som Kinn kommune er. Gruppa kan på eige initiativ gjennomføre slike aktivitetar for inntil kr. 100.000,- samla. Kostnadar over denne summen må vi legge fram for Fellesnemnda til godkjenning.
Send gjerne dei gode ideane dine til arbeidsgruppa sin sekretær: Jon.Even.Kvalheim.Myre@vagsoy.kommune.no.
Vi vurderer gode idear fortløpande, men sender du forslag til oss innan 31. januar set vi stor pris på det!
På førehand takk!