Om lag 80 måløyværingar møtte til bymøtet i Måløy i går. Dei kom med gode innspel til korleis vi skal utvikle Kinn kommune. Alle deltakarane fekk svare på desse spørsmåla, som vi vil ta med oss i arbeidet vidare:
- Kva forventar du at Kinn skal gjere for deg og byen din?
- Kva kan du og din by gjere for utvikling av kommunen?
- Kva er viktig for å byggje eller skape «Kinn-identitet»?
Ordførarane Ola Teigen og Kristin Maurstad informerte om Kinn og prosessen med etablering av kommunen. Den politiske arbeidsgruppa for kultur, identitet og symbol fortalde om arbeidet dei har gjort så langt, og måla for gruppa. Prosjektkoordinator Rolf Bjarne Sund forklarte om kommuneplanen for Kinn kommune.
Kjelrunn Breidalen Åsebø presenterte også eit initiativ om å satse på Skram skole. Denne presentasjonen kan du sjå nedanfor.