Vidareføring av stilling i Kinn kommune
Om ikkje lenge vil dei fleste tilsette få eit brev der vi informerer om at arbeidstilhøve du har i dag, vert vidareført i Kinn. Dette gjeld dei aller fleste i den nye organisasjonen. I brevet seier vi og noko om vidareføring av vilkår. Det er personalavdelinga som har ansvaret for utsendinga. Dei som ikkje får eit slikt brev, treng ikkje uroe seg om at stillinga ikkje blir vidareført, men då kan det vere snakk om endringar i arbeidsvilkår eller andre tilhøve som skil seg frå ei rein vidareføring. Her skal vi avstemme databasar og namnelister på over 1 600 tilsette og feil kan skje. Dersom du ikkje får eit slikt brev, betyr det ikkje at du er utan arbeid i Nye Kinn. Då skal du ta det opp med næraste overordna slik at meldinga kan gå til personal-avdelinga for oppfølging.
Lønsharmonisering i Kinn
I går sendte vi ut sakene som Fellesnemnda skal handsame i neste veke. Det har vore fleire spørsmål knytt til dette med lønsharmonisering. At tilsette i Flora og Vågsøy skal ha lik løn for likt arbeid. Personalavdelinga og dei tilsette sine organisasjonar har brukt mykje tid på dette. Her vil eg berre kort informere om at storleiken på det vi skal harmonisere i stor grad samsvarer med den informasjonen eg gav Fellesnemnda for eitt år sidan. Kort fortalt vil ei harmonisering koste i underkant av fire millionar kroner. Den vil skje i tida fram til og med 2023 og vi skal bruke delar av dei kronene som blir avsett til lokale forhandlingar. Dette er i samsvar med det KS og organisasjonane har forhandla fram sentralt, og som dei vil følgje opp i komande forhandlingar.
Eg vil rose dei tilsette sine organisasjonar i Nye Kinn for at dei på denne måten finn løysingar på ei utfordring som ikkje vil gå utover drifta av den nye kommunen. No finn vi midlane til å harmonisere i den pengesekken som uansett hadde gått til lønsauke for dei tilsette. Då er eg som representant for arbeidsgjevar innstilt på å vere fleksibel når vi skal bli samde om andre målsettingar i dei lønspolitiske drøftingsmøta.
Leiarsamling i Kalvåg
I går og i dag har det vore leiarsamling i Kalvåg. Eg opplevde det som ei nødvendig og nyttig samling. På sosiale media vert det stilt spørsmål om pengebruken knytt til slike samlingar. Dei usaklege delane av innspela, bryr meg ikkje, men eg er audmjuk for dei koplingane som set det å nytte så mykje ressursar til å samle leiarane, når vi samstundes ser den vanskelege økonomien i dei to kommunane. Det er ei reell problemstilling. Denne gangen fann eg det likevel nødvendig med ei slik innkalling. Vi skal innføre eit nytt budsjettsystem i Kinn. Ingen av kommunane nyttar det i dag. Eg er avhengig av å ha alle samla på ein stad over to dagar for å ha ein samanhengande gjennomgang av ny kontoplan, korleis vi skal drive opplæring i dei nye systema, gå gjennom budsjettrundskriv, kva som blir forventa av leiarane i den vidare budsjettprosessen, og ikkje minst; korleis skal du som leiar konkret og praktisk gjere din del av jobben.
Det er mykje nytt og så mykje ulikt frå kva vi har gjort i dei to kommunane før at eg fann ei slik samling nødvendig. Når det er sagt; vi legg ikkje opp til fleire slike samlingar i den vidare budsjettprosessen. No vert det opplæring og møter over einskilddagar, både i Florø og Måløy. Du kan også lese ein artikkel på Firdaposten si nettutgåve i dag. Den handlar om kvifor og prosessen som ligg bak valet av Knutholmen.
Tilsettingar
Sissel Leni Sundal Nærø er tilsett som kommuneadvokat i Kinn. Ho har denne stillinga i Flora i dag.
Anders Moen er tilsett som stabsleiar for fag og utvikling i rådmannen sin stab. Dette er ei stilling Anders har permisjon frå i dag, så lenge han er kommunalsjef for oppvekst i Flora.
Grete Apalseth er tilsett som tenesteleiar for Furuhaugane omsorgssenter
Eg gratulerer med tilsettingane og ser fram til å samarbeide med alle i Nye Kinn kommune.
Neste veke
Måndag har vi møte med fylkeskommunen om den nye anbodsrunda for båtruter. Seinare same har vi møte i den administrative styringsgruppa. Tysdag og onsdag er eg i Måløy. Onsdagen har Fellesnemnda møte. Torsdag skal eg delta på ein etikkafé i Florø. Fredag er det opplæring i Framsikt for leiargruppa.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!