Då er vi klar for innspurten!
Vel overstått ferie til alle. Kan vel hende at nokre framleis er i feriemodus, men for dei fleste har vel no kvardagen meldt seg. For ein spennande haust vi går i møte! Det er val og det første kommunestyre i Kinn skal det veljast 9 september. Kinnprosjektet skal styrast vidare av nye folkevalde som etter nyåret går frå prosjekt til ein heilt ny driftsorganisasjon. I administrasjonen arbeider vi på spreng med alt som skal vere på plass til den tid. Eg føler meg trygg på at vi skal klare det, men det vil krevje mykje av alle.
Opplæring i Framsikt
Framsikt er Kinn kommune sitt nye budsjett-styringssystem og vi har starta opplæring i programmet denne veka. Vi meiner denne løysinga er best for både administrasjonen og dei folkevalde. Alle nye system krev opplæring og det vil vi halde gå med gjennom heile budsjettprosessen no i haust.
Leiarsamling i Kalvåg
Torsdag og fredag i neste veke vil over 100 leiarar og andre frå administrasjonen samlast i Kalvåg og starte budsjettarbeidet for Kinn. Vi har hatt ein gjennomgang av deltakinga og kome fram til å avgrense til dei som vi veit vil ha eit budsjettansvar i den nye kommunen. I tillegg må vi også ha med nokre av dei i stabane som har sentrale roller i arbeidet med budsjett og handlingsprogram. Det vert sendt ut eiga innkalling til dei som skal delta. Vi ser at enkelte som har deltatt frå Flora tidlegare, ikkje vil bli innkalla no. Slik må det bli og det er rolla og dei oppgåvene du vil ha Kinn som er styrande for kven som blir kalla inn.
Møte i Fellesnemnda 4. september
Onsdag 4 september skal FN ha sitt siste møte før valet. Møtet er i Måløy og det er fleire viktige og tunge saker som skal opp. Eg nemner:
- Val av kommunevåpen
- NOMIL, selskapsavtale
- Feie og tilsynsgebyr, forskrift
- Vatn- og avløpsgebyr, forskrift
- Forureiningsregelverk, forskrift
- Gebyr i plan og byggesaker, forskrift
- Kinn utviklings- og ressurssenter, KF
- Eigarskapsmelding
- Kommuneplanen sin samfunnsdel
- Interkommunalt samarbeid om landbruk og
byggesakstilsyn
- Høyringsuttale om utbygging av vindkraft
- Assisterande rådmann, prosess
- Søknad om tilskot til forprosjekt barnevernsinstitusjon
- Møtereglement
- Politisk utvalsstruktur
- Delegeringsreglement
- Godtgjerslereglement
Sakene vert sendt i midten av neste veke, og då kan du lese meir om den enkelte sak på kinn.kommune.no
Merkantile funksjonar
Eg veit at fleire av dei som i dag har oppgåver knytt til administrative støttefunksjonar både i sentrale stabar og ute i enkelte av tenestene, er urolege for kva som skjer med deira situasjon. Det er forståeleg fordi vi har sagt at her kjem det endringar som vil påverke måten vi jobbar på. Det er likevel for tidleg no å vere meir konkret på dette. Vi vil bruke meir tid i den administrative styringsgruppa og innan eit par veker vil vi kome med meir informasjon om dette.
Kulturskulen på plass
I dag skriv Firdaposten om kulturskulen som alt no har fått den nye organiseringa på plass. Det er kjekt å lese om korleis leiarane planlegg og vil samarbeide om ulike kulturarrangement framover hausten. Flott – og på vegner av Kinnprosjektet, takk!
Kinn-magasinet kjem ut i neste veke
I neste veke vil alle husstandar få tilsendt eit magasin om Nye Kinn kommune. Der prøver vi å informere om det som skal skje framover, men vi fortel også om det vi har bestemt så langt. Magasinet er eit samarbeid med A til Å i Florø, og eg håper de finn informasjonen nyttig og at den svarer på nokre av dei spørsmåla de kanskje sit med. Elles må de ikkje vere redd for å stille spørsmål på heimesida vår.
Neste veke
Måndag er det møte i Kystrådet på Hardbakke i Solund. Tysdag har vi møte i den administrative styringsgruppa. Torsdag og fredag er det som sagt leiarsamling i Kalvåg.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!
Terje Heggheim
Prosjektrådmann