Tilsettingar
Hilde-Gunn Hatlenes er tilsett som lønningssjef i Kinn kommune. Ho har tilsvarande stilling i Flora kommune i dag og har tidlegare arbeidd i Fjord1.
Frode Ellingsund er tilsett som teknisk sjef i Kinn. Han er frå Florø og utdanna ingeniør. I dag arbeider han i Vanylven kommune, med eigedom, hamn, næringsutvikling m.m. Frode tek til i stillinga 1. september, men tek ikkje over driftsansvaret før 1. januar 2020.
Bacheloroppgåve om Kinn
Vår tidlegare praktikant frå vårparten i fjor, Eli Anne Jagedal Solvang, er no ferdig med sin bachelorgrad i planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. I bacheloroppgåva har Eli Anne skrive om Kinn kommune, og sett på korleis ein arbeidsgjevar kan involvere medarbeidarar i ein endringsprosess. Oppgåva er basert på ei spørjeundersøking sendt per e-post til tilsette i Flora og Vågsøy kommunar. Over to hundre tilsette svarte på undersøkinga. Ho skriv at e-post og fredagsbrev er dei kanalane nesten alle av oss nyttar for å tileigne seg informasjon om prosjektet. Etter det følgjer lokalmedia, informasjonsmøter og heimesida.
Dei aller fleste av dei spurde føler seg informert om samanslåinga, og følar dei får dele sine synspunkt om samanslåingsprosessen. Det er kjekt å lese at over 90 prosent følar dei er avhengige av sine kollegaer for å løyse arbeidsoppgåver, og like mange opplever tett samarbeid med kvarandre. Som prosjektrådmann ser eg på dette som særs oppløftande. Vi er no på veg inn i innspurten, og kanskje den mest hektiske perioden for prosjektet – då er dette oppløftande lesing.
Eli Anne har gjort ein veldig god jobb med bacheloroppgåva – og vi takkar for at ho deler den med oss.
Budsjettarbeid og opplæring, 2-6 september
I førre brev skreiv eg om at tenesteleiarane må sette av dagane i månadsskiftet august-september til leiarsamling og budsjettarbeid. Opplæringa held fram veka etter. Det er avgjerande at du som leiar i Kinn får innføring i den nye programvaren og kan starte med å legge budsjettet direkte inn der.
Eiga fag og utviklingsavdeling
Tysdag var det møte i ASG (administrativ styringsgruppe). Då tok vi stilling til korleis vi skal jobbe på tvers av faga. Kinn skal ha ei eiga stabsavdeling som tenker kommunen på tvers av alle fag. Det blir difor etablert ei; fag og utviklingsavdeling. Den skal vere i rådmannen sine stabar. Slik vi no planlegg vil avdelinga ha tilsette med kompetanse innan fleire fag. Oppgåver og funksjonar vil vere knytt til:
- årshjul, budsjett og årsrapport
- it, utvikling og samordning
- investeringsprosjekt (til vurdering)
- fleirfaglege planar
- kompetanseutvikling
- team for barn og unge
- koordinerande eining
- helsevern og folkehelse
- kommuneoverlege
- beredskap
Vi vil kome attende med meir informasjon.
Utlysing av stilling som plansjef
Etter ei heilskapsvurdering har vi bestemt at stillinga som plansjef i Kinn vert å lyse ut eksternt.
Avgjerda er tatt i samsvar med Omstillingsavtale for Kinn. Kommunalsjef for Samfunn, kultur og miljø har fått i oppdrag å starte rekrutteringa.
Takk for godt samarbeid og god sommar!
Dette er det siste fredagsbrevet på ei stund. Vi er tilbake i august. Eg har lyst til å takke alle tilsette for godt samarbeid. Mange har arbeider i uvisse om kva framtida bring, og gjer det framleis, men likevel leverer de godt. Vi byrjar få organisasjonen på plass, men er ikkje i mål. Det uavklarte kan gjelde deg, takk for tolmodet!
Til dei som er på plass; takk for at du tar utfordringa. Eg ser folkevalde som samarbeider. Ombod som bryr seg om kva som skjer i den andre kommunen. Det lovar godt. Geir Oldeide omtala Flora bystyre sitt vedtak - om grunnlaget for satsane til sosialhjelp positivt. Døme på at vi følgjer med kvarandre. Kven brydde seg om slikt før? Mitt ønskje for hausten er at fleire finn kvarandre og ønskjer å arbeide saman om kjernen i heile prosjektet; ei satsing på kysten!
Eg ønskjer alle tilsette og folkevalde god sommar, kom deg vekk frå jobben og slapp av! Lad opp batteria, hausten kjem og Kinn treng deg! Og du, den nye båtruta mellom Florø og Måløy startar 19. august!