Viktige møter
Denne veka har ein delegasjon frå Fellesnemnda og administrasjonen vore i møte med Kommunal- og moderniseringsministeren. Der vart det drøfta saker som handlar om økonomien i Kinn og som er viktige for oss. Grensejustering ved at Bryggja går til Stad og endringar i inntektssystemet vart spesielt fokusert. Delegasjonen gav etter møtet ut ei pressemelding der dei slo fast at statsråden hadde vore klar på at Kinn ikkje skal tape på grensejusteringa. I tidlegare fredagsbrev viste eg til at inntektene våre vert redusert med 32 millionar kroner som følgje av Bryggja-saka. I det komande budsjettarbeidet vil det vere viktig at så mange som mogelege faktorarar er avklara før det nye kommunestyret skal fatte budsjettvedtaket sitt i desember.
Tysdag og onsdag hadde Fylkesmannen samla rådmennene i dei andre samanslåingskommunane i det nye Vestland. Både Kinn og Sunnfjord tok opp problemet med endringar i kommunane sine inntekter. Departementet hadde eigne utsendingar i møtet, og dei tok med seg innspela våre. Då har vi i alle fall fått understreka dei økonomiske utfordringane vi har. Både Fylkesmannen og departementet er viktige aktørar når det gjeld kommunane sine inntekter. Vi får håpe at dei følgjer opp med justeringar som er gunstige for oss.
Røysting på kommunevåpen i neste veke
Dei tre alternative framlegga til kommunevåpen er kjende; Baugen, Kinnaklova og Kannesteinen og Fyr. Vi samarbeider med lokalavisene om røystinga som vil finne stad i neste veke. Følg med i avisene om kor tid og korleis røystinga vert gjennomført. Den vil gå over to dagar og Fellesnemnda legg opp til å stadfeste røystinga i form av å velje det framlegget som får flest røyster. Her kan du vere med å avgjere!
Kontoplan
Måndag denne veka hadde vi eit møte om ulike økonomisaker. For at dei økonomiske føringane skal vere rett, må vi ha ein kontoplan som speglar ansvarsområda i den nye organisasjonen. Dette er ein krevjande jobb som Norvall Bakke har arbeidd godt med i det siste. Vi har stort sett tatt stilling til den nye kontoplanen, men nokre justeringar står att. Denne må sjølvsagt vere ferdig til opplæringa i – og arbeidet med det budsjettet startar i slutten av august.
Nye bankavtalar
Torsdag denne veka hadde vi forhandlingar med bankar som ønskjer å vere hovudbank for Kinn kommune. Vi har køyrd ei anbodsrunde saman med Sunnfjord kommune. Gode banktenester er viktig del av ei god økonomiforvalting. Etter forhandlingane vil bankane justere tilboda sine, og vi kjem til å ta ei avgjerd i neste veke.
Tilsettingar
Tove Lill Refvik er tilsett som reinhaldssjef i Kinn. Reinhald og praktisk bistand blir eiga teneste. Praktisk bistand i private heimar har i nokre år vore lagt til denne tenesta i Vågsøy. Eg har tidlegare bestemt at slik skal vi organisere det i heile Kinn. Det inneber at Tove Lill får ansvaret for å innføre dette i heile den nye kommunen.
Anne Grete Sagen er tilsett som tenesteleiar i heimetenesta Havreneset, Florø
Ulike kulturarrangement i Florø og Måløy
I sommar er det ein god del festivalar og flotte arrangement i både Florø og Måløy. Fellesnemnda har bestemt at vi skal støtte desse arrangementa. Til helga har vi difor satt opp ekstra og gratis båtruter mellom Måløy og Florø. Det same vil vi gjere knytt til arrangement i Måløy seinare. Meir informasjon finn du på www.kinn.kommune.no.
Bacheloroppgåve om Kinn
Vår tidlegare praktikant, Eli Anne Jagedal Solvang, er ferdig med bachelorgraden i planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. I oppgåva skriv ho om Kinn kommune og korleis vi involverer medarbeidarane i ein endringsprosess. Ho har henta tal frå 200 tilsette i organisasjonen. Ho viser til at nesten alle seier dei får god informasjon gjennom e-postar og fredagsbrevet. Det er kjekt. Eg kjem til å skrive litt meir om oppgåva hennar i neste fredagsbrev.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!