Eg skal ikkje inn i Vågsøy kommune
Etter at eg i førre fredgasbrev skreiv om dei økonomiske utfordringane for Kinn, har det blitt ein del merksemd. Det er flott at vi saman kan fokusere på felles og store utfordringar. Det er likevel ikkje all informasjon som er dekkande. Fjordenes Tidende skreiv at eg "vil inn i Vågsøy før tida". Artikkelen byggjer på at eg i eit møte i Fellesnemnda gav uttrykk for at dei økonomiske utfordringane utløyser behov for eit enda tettare samarbeid mellom prosjektorganisasjonen og driftsorganisasjonane i dei to kommune. Eg var også innom temaet om at Flora har starta ein omstillingsprosess, Vågsøy ikkje. Difor tok eg til ordet for at vi må arbeide tettare i tida som kjem. Det betyr ikkje at eg skal gripe inn i nokre av kommuneorganisasjonane, men at vi tidleg må jobbe saman om problematikken. Difor tiltrer blant anna rådmannen i Vågsøy den administrative styringsgruppa i Kinn-prosjektet. Då får vi fleire arenaer der vi kan drøfte desse spørsmåla.
Tilsettingar av tenesteleiarar
Det er no foretatt tilsetting av tenesteleiarar slik:
- Evy Bjørnset, heimeteneste Krokane
- Guro Kvalsund, heimeteneste Sentrum
- Edith Aarebrot Madsen, heimeteneste Eikefjord
- Tanja Løvseth, miljøtenesta Jacob Sandeveg
- Linda Lundebrekke, avlasting, Miljøhuset
- Marte Aarberg, miljøtenesta, Kinnvg/kyrkjeparken
- Linn Einebærholm, miljøtenesta Skritsholsgt.
- Rakel Garnes, miljøtenesta i Måløy
- Janne Berstad, Flora omsorgssenter
- Vidar Vårdal, Kinn bygg og anlegg
Eg gratulerer alle og ønskjer lykke til med nye og spennande utfordringar.
Assisterande rådmann
I siste møte i Fellesnemnda i sak om Budsjettguide for 2020, vart det vedtatt å ikkje lyse ut stillinga som assisterande rådmann når Broberg går ut av den tidleg i 2020. Tre av Fellesnemnda sine medlemer nytta høve til å sende inn ei mindretalsanke om saka. Det betyr at begge kommunestyra skal handsame saka og kome med ei uttale før Fellesnemnda tek ei endeleg avgjerd. Det gjorde kommunestyret i Vågsøy i går. Dei gjekk samrøystes for at stillinga vert oppretthalden og at tilsetting skjer etter intern utlysing, slik at vi samla sett sparar lønsressursar. Saka skal vidare opp i bystyret i Flora tysdag i neste veke. Så då får vi sjå kva Fellesnemnda seier i september.
Leiarsamling 29. og 30. august
Eg vil be alle tenesteleiarar og leiarar i stab og støtteavdelingane om å sette av desse to datoane alt no. Vi startar då finalen inn mot Kinn. I samlinga vil vi gå gjennom ein del av det som no er vedtatt og som er viktig at vi som leiarar i Kinn har ei felles forståing av. Starten av budsjettarbeidet er ein viktig del av samlinga. Vi kan også sjå det som starten på at dei ulike tenesteområda no startar å veve seg saman og såleis vidarefører dei
kontaktpunkta og samarbeidsarenaer vi har møtt kvarandre på så langt.
Leiarane må avgrense ferieuttak til hausten
Alle leiarar med budsjettansvar går ein travel haust i møte. Alt veka etter leiarsamlinga som eg nett har skrive om, vil vi starte opplæring i Framsikt, programmet vi skal jobbe med i både budsjett og seinare økonomirapportering. Eg vil difor alt no varsle at leiarar med budsjettansvar til og med tenesteleiarnivå bør avgrense uttak av ferie i perioden 29. august og fram til skulane sine haustferiar. Det er avgjerande at vi får gjennomført opplæring i dei nye systema slik at økonomiforvaltinga vert førebudd så godt som råd før årsskiftet.
Organisering av ungdomsdemokratiet i Kinn
Fellesnemnda vedtok i siste møte organisering av ungdomens kommunestyre i Kinn. Dei vil ha 22 faste medlemer og skulane vert representert slik; Flora vidaregåande (6), Måløy vidaregåande (5), Flora ungdomsskule (4), Vågsøy ungdomsskule (5) og Eikefjord skule (2). Kvar skule skal velje 4 vararepresentantar. Eikefjord 2. Vedtaket byggjer på ei innstilling frå ungdomsorgana og legg opp til at vi ikkje skal ha frie lister og kommunestyret såleis vert partiuavhengig. Dei vil også ha eit arbeidsutval med 5 medlemer der ungdomsordførar og varaordføraren er representert. Ungdomens kommunestyre vert kopla til kommunen sitt politiske sekretariat som andre politiske organ i kommunen.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!